Hopp til innhold

No er det open milliard-krangel mellom kraftgigantar

Striden om milliardverdiane på Vestlandet er no ein open krangel mellom dei to kraftgigantane BKK og Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Sogn og Fjordane Energi

NEI TIL SAMARBEID: BKK meiner SFE sitt nei er eit takk og farvel til eit stort vestlandsk kraftselskap.

Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi

Kraftselskapet BKK meiner Sogn og Fjordane Energi seier nei til eit samarbeid, utan å ha vore i reelle forhandlingar.

Onsdag kom meldinga om at styret i Sogn og Fjordane Energi (SFE) tilrår eigarane sine til å seia nei til ei samanslåing med BKK og Hydro til ein ny kraftgigant på Vestlandet, kalla Vestlandskraft.

– Ikkje reelle forhandlingar

SFE grunngav avgjersla med at dei har vore «usikre på om alternativet gir god nok lokal kontroll og eigarskap til viktige naturressursar, og om det tek vare på lokale arbeidsplassar, kompetanse og aktivitet i stor nok grad».

Jannicke Hilland

KONSERNSJEF: Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK.

Foto: BKK

Men den setninga får leiinga i BKK til å stussa. For dei meiner det aldri har vore reelle forhandlingar om så konkrete ting som fordeling av arbeidsplassar og lokal kontroll av ressursar.

– Me har hatt dialog over lengre tid, men det har ikkje vore reelle forhandlingar. Eg meiner dei seier nei til noko her, som me ikkje veit heilt kva kunne blitt til, seier Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK.

Sogn og Fjordane Energi er blant anna eigd av BKK, men det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som sit med den største eigardelen. På ei ekstraordinær generalforsamling 12. oktober skal ei avgjerd takast.

Trur det strandar

Hilland fortel at dei er skuffa på vegner av heile Vestlandet.

– Me har ein fantastisk ressurs i vasskrafta vår. Skal me halda fram med å skapa verdiar for våre eigarar og vår region, så må me utvikla oss. Eg meiner at Sogn og Fjordane gir opp for tidleg, seier Hilland, og trur det er takk og farvel til Vestlandskraft DA slik det har blitt jobba med fram til no.

– Vår oppfatning er at Sogn og Fjordane fylkeskommune vil lytta til administrasjonen og styret si innstilling.

– Så de er redde for at det strandar no?

– Ja, det er vår oppfatning, seier Hilland.

SFE meiner dei får for lite pengar

– Slik det ligg føre no, så er økonomien for dårleg for SFE til at det er noko poeng i å diskutera vidare, seier Per Atle Kjøllesdal, styreleiar i SFE. Han er også klar på at Hydro har ei rolle i kvifor dei seier nei.

– Hydro er ein stor, tung partnar som har stor interesse av at det blir noko av dette. Men det må vera ei betre løysing for SFE enn det som ligg føre no.

– Kor viktig er lokal kontroll over lokale ressursar, lokale arbeidsplassar og slikt?

– Det har alt å seie. Og eg er samd i at det kan me diskutera vidare. Men det er lite poeng i det, når økonomien i utgangspunktet er for dårleg for oss, seier han.

– Det har alt å seie. Og eg er samd i at det kan me diskutera vidare. Men det er lite poeng i det, når økonomien i utgangspunktet er for dårleg for oss, seier han.