- Det er ingenting som kan erstatte eller kompensere for det tapet dei føler. Uansett korleis tiltalen ser ut er det underordna i den situasjonen dei er i, men likevel er det slik at dei ønskjer at gjerningsmannen skal få strengast mogeleg straff.
Det seier Rune Tysse, som er familien sin bistandsadvokat.
Sikta for forsettleg drap
I dag kom tiltalebeslutningen frå Statsadvokaten mot mannen som til no har vore sikta for drapet på den 22 år gamle sjukepleiarstudenten Anne Slåtten i Førde. Den 42 år gamle mannen frå Sunnfjord er no tiltalt for forsettleg drap og for valdtektsforsøk.
Dette kom ikkje som noko overrasking for familien, seier bistandsadvokat Rune Tysse.
- Dei har blitt orientert om situasjonen, både om siktinga og om forslaget til tiltale som vart sendt over til Statsadvokaten, seier Tysse.
Forsvararen krev frifinning
Ivar Blikra. Foto©NRK
Advokat Ivar Blikra krev framleis at den tiltalte sunnfjordingen vert frikjend for drapet. Den tiltalte har forklart i avhøyr at han var så full at han ikkje hugsar noko rundt drapstidspunktet. Politiet har funne DNA-spor frå den tiltalte Sunnfjordmannen på den avdøde, men advokaten meiner det ikkje finst bevis for tiltalen.
Og rettssaka mot den tiltalte startar i Fjordane Tingrett den 31. januar.