Ønskjer det nye året velkome på fjellet

På årets aller siste dag slår fleire seg saman og tek ein fjelltur for å ønske det nye året velkome. Fleire stader i fylket kan du i dag vere med turlaget på tur.

Turglade Ragna Renna og Håvard Sandal Høyvik

TURGLAD DUO: Ragna Renna og Håvard Sandal Høyvik i Indre Sunnfjord turlag er klare til å ta i mot det nye året frå Hafstadfjellet i Førde.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Ein som tek på seg skia om ikkje mange timane er Håvard Sandal Høyvik frå Førde. Han er leiar for Ung-gruppa til Indre Sunnfjord turlag og over gjennomsnittet interessert i å stå på ski.

Nyttårsaftan er ikkje noko unnatak.

– Det er kjempekjekt å kome seg ut på ski og få seg litt frisk luft, spesielt no i jula. Då blir det ekstra godt å komme inn igjen i kveld, ete god mat og feire, seier han.

Feirar i fjellet

Det har blitt ein tradisjon. Sidan 1999 har Indre Sunnfjord turlag kvar nyttårsaftan arrangert tur til Hafstadfjellet, med bålbrenning og markering av at eit nytt turår er i emning.

– Det er alltid hyggjeleg å møte gode turvennar, mimre litt om turåret som har vore og leggje planar for neste år, seier Ragna Renna, som er leiar i turlaget.

Ho ser at turinteressa er større enn nokon gong. Bilete av folk og fjell florerer på Facebook og andre sosiale medium. Men det er ikkje like lett å lokke folk med å turane dei arrangerer.

– Det kan kanskje vere litt vanskeleg å kome åleine på slike turar. Så eg anbefaler å ta kontakt på førehand, eller kanskje alliere seg med nokon ein kjenner, seier ho.

Dagens nyttårstur startar klokka eitt frå Bruland i Førde. I tillegg til noko ekstra godt i sekken, blir alle som kjem oppmoda om å ta med ein vedkubbe til bålbrenninga.

Slit med å lokke ungdomen på tur

Også Sandal Høyvik har fått merke at det ikkje er alltid like lett å lokke ungdomane med på arrangerte turar.

16-åringen frå Førde har nettopp flytta til Sogndal og dei gode skitilhøva som er der. Og nettopp Sogndalsdalen har vore målet for ein av fleire turar han har vore med å arrangere.

– Det har vore litt for få på dei turane vi har arrangert og vi ønskjer absolutt at fleire skal bli med, seier han.

Han trur likevel at det skal vere mogleg å auke talet ungdomar på turane. Det handlar om å skape spektakulære nok opplevingar.

– Slik som Via Ferrata i Loen, det er jo litt spanande og ikkje noko folk opplever kvar dag. Eg trur det sit mange der ute som har lyst til å vere med på ein slik tur, men kanskje dei ikkje våger heilt, seier han.

Spreke ordførarar

2015 er friluftslivets år, noko som vil bli markert på ulikt vis rundt om.

Det som utan tvil har skapt mest merksemd, er alle ordførarane som har sagt seg villige til å overnatte ute i løpet av året som kjem.

Også i Sogn og Fjordane har fleire latt seg lokke med, meir eller mindre frivillig, noko som imponerer turleiaren.

– Det er spreke folk som styrer kommunane våre, seier Renna.

Fleire stader er det folk som legg ut på tur i dag klokka eitt. Mellom anna i Førde og i Florø.