Hopp til innhold

Turistskatt lagt på is: – Vi må kunne ta oss betalt

Turistskatt var varsla i sommar, men har ligge urørt i Stortinget. – Heile spørsmålet blei på eit vis droppa i lys av korona, vedgår Høgre-reprepresentant.

Geiranger

TURISTPERLE: Geirangerfjorden er ein stor turistmagnet i Noreg. Lokalbefolkninga ønsker at turistane sjølv skal bidra til å halde ved like perla på Stranda.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Denne sommaren hadde fleire håpa å få på plass ei prøveordning for turistskatt i Noreg.

Både i Geiranger og i Flåm håper dei at det kan vere politisk vilje til å satse på dette.

– For å banne litt i kyrkja, ta no for guds skuld turistskatt, seier Tone Rønning Vike.

Ho eig hotellet 29|2 Aurland i Flåm og ønsker at turistane skal betale slik at dei kan legge til rette for masseturismen som ein forventa kjem tilbake etter pandemien.

Tone Rønning Vike

FOR TURISTSKATT: Hotelleigar Tone Rønning Vike meiner at ein turistskatt kan vere med sikre ei berekraftig utvikling av norsk reiseliv, og viser til at fleire land i Europa allereie har på plass ei slik ordning.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Stortinget legg det på vent

Ei prøveordning med turistskatt har lenge vore ønska i verdsarvlista Geirangerfjorden og Nærøyfjorden (Sogn).

Visit Sognefjord har vore prosjektleiar for ei slik ordning rundt Flåm og Aurland.

– Det står på politisk vilje, men vi håpar å få gjennomført og prøvd ut dette allereie frå 2020. Så får vi sjå kor lang tid det tar, seier Ståle Brandshaug, leiar i Visit Sognefjord.

Men på Stortinget skjer det ingenting så lenge pandemien herjar.

– Heile spørsmålet blei på eit vis droppa i lys av korona, seier Tom Christer Nilsen (H) som sit i Stortingets næringskomité.

Sjølv er fleire parti positive til ei slik ordning i framtida.

– Alle utanom Høgre og Frp signaliserte vel at dei ville vere open for ein eller anna form for betaling av fellesgode, seier Nilsen.

Cruiseskipa Marella Explorer og Queen i Aurlandsfjorden ved Flåm.

PRØVEORDNING: I Nerøyfjorden i Sogn ønsker dei å komme i gang med ei prøveordning for turistskatt frå 2022, men då må Stortinget gje grønt lys.

Foto: Helge Sunde / Samfoto

Positive til turistskatt

– Vi sit på ein natur som er heilt eineståande i verda, derfor er vi ein verdsarv. Då må vi kunne ta oss betalt, seier Rønning Vike i Flåm.

Det kan verke som utanlandsturistar er villige til å gjere.

I 2019, før korona, undersøkte Transportøkonomisk institutt kor positive turistar frå andre land er villig til betale ein slant for å oppleve norske fjordar og fjell.

Over 2500 utanlandske turistar i Noreg deltok i undersøkinga.

– Det vi kan konstatere er at svært få er negative til turistskatt, seier TØI-forskar, Petter Dybedal, til Dagsavisen.

Turistskatt er heilt vanleg i fleire land i Europa. 19 av 28 EU-land har allereie innfør ein form for turistskatt, ifølge ETOA.

I Tromsø har dei problem med utfartstoalett, parkering og søppelhandtering på populære turistmål.

Dei opplevde stor vekst i reiselivet fram til pandemien.

– Vi har ikkje infrastruktur til at heile verda kan kome å sjå nordlyset, seier Tone Marie Myklevoll, leiar for kommune- og byutviklingsvalet i Tromsø Kommune.

Nordlys over Tromsø

ETTERTRAKTA: I Tromsø opplevde dei stor vekst i turismen før pandemien slo til.

Foto: Ole Christian Salomonsen

Ho er positiv til turistskatt og meiner øyremerka midlar til toalett og parkering er vegen å gå.

– Vi blir prega av besøkstal og då handlar det om å finne tiltak som kan vareta naturen og sikre ein berekraftig vekst.

Ei undersøking frå Innovasjon Norge i 2019 viste at fleire i lokalbefolkninga i Stavanger, Ålesund, Stranda (Geiranger), Lofoten, Aurland, Stryn og Longyearbyen, var misnøgd med det som følgjer med masseturismen.

Misnøya er stor blant to tredjedelar av befolkninga.

  • 69 prosent seier turistar medfører forsøpling
  • 62 prosent seier dei slit ned naturen
  • 65 prosent vil innføre turistskatt
Søppel fjernes fra Kvalvika i Lofoten.

SØPPEL: For nokre år tilbake måtte det til med ein stor ryddejobb for å fjerne søppelet i Kvalvika i Lofoten.

Foto: Clean Up Lofoten

NHO: – Heilt unødvendig

NHO Reiseliv har lenge vore imot ei ordning med turistskatt.

– Pressområdet for turisme har vi 7–8 stader i landet i nokre få veker. Då er det betre med gode reguleringar og tilrettelegging for ferdsel, seier næringspolitisk fagsjef, Ole Michael Bjørndal.

– Det er ei unødvendig løysning.

Han meiner det er eit dårleg tidspunkt å ta opp att debatten om turistskatt.

– Akkurat no er det slik at reiselivet knapt står oppreist på grunn av ein global pandemi. Så det å pålegge nye skattar på reiselivet no, står fram litt absurd, seier Bjørndal.

Det er Myklevoll i Tromsø ueinig i.

– Eg meiner vi bør bruke tida på det no. Vi har eit kvileskjær der vi kan sjå på korleis vi kan bli enda betre på å sikre ein berekraftig besøksturisme i landet vårt, seier ho.