– Det siste forslaget til statsbudsjett viser tydeleg at vi ikkje har ein eigen reiselivsminister som kjempar for næringa, seier Tone Rønning Vike.
Vike og ektemannen driv boutiquehotellet 29|2 Aurland i Sogn. Då regjeringa nyleg la fram forslaget sitt til statsbudsjett, reagerte ho på fleire av forslaga.
Reiselivsnæringa ligg i dag under ansvarsområdet til Nærings- og fiskeridepartementet.
Vike etterlyser ein reiselivsminister som kan «tenkje heilskapleg» for bransjen.
– Vi ønskjer ein minister som kan dra oss opp av grøfta og i ei grønare retning. Eit eige reiselivsdepartement som har alt frå infrastruktur, overnattingsplassar og satsing på lokalmat er noko vi manglar, seier ho.
VIL HA EIGEN STATSRÅD: Tone Rønning Vike i Aurland ønskjer seg ein eigen reiselivsminister.
Foto: Sondre Dalaker / NRKTilbakevendande tema
Brita Knutsen Dahl er direktør for Basecamp Explorer og Basecamp Explorer Spitsbergen på Svalbard.
Til liks med Vike ønskjer ho ein eigen statsråd for reiselivet.
– Eg meiner reiselivsnæringa i Noreg er blitt så stor at det krev ei spesiell merksemd og spesialkompetanse for å vareta reiselivet og tilknytte næringar, seier Dahl.
Ein eigen statsråd vil kunne jobbe meir fokusert og dedikert, meiner ho.
– Eg trur vi kunne kome eit steg vidare innan forvalting, til dømes når det gjeld gode berekraftsprinsipp, besøksplanlegging og logistikk.
Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier eigen reiselivsminister har vore drøfta i mange år.
– Det er ei stor vekstnæring, som rører ved mange sektorar. Då ville det vore naturleg med ein eigen minister, seier han.
Mini-departement utan gjennomslagskraft
Reiselivsekspert Odd Roar Lange i Thetravelinspector meiner samarbeid i næringa er viktigare enn ein eigen minister.
– Ein reiselivsminister med ein liten portefølje vil neppe vere heldig for reiselivet. Fordi det fort vil ende opp som eit lite mini-departement som har lita eller ingen gjennomslagskraft, seier han.
– Reiselivsnæringa er strengt tatt ikkje éi næring, men ein kjede av næringar. Og det siste halvåret viser kor komplisert det kan vere å finne gode løysingar som dekkjer breitt, seier han.
Reiselivsdirektør i Visit Bergen, Anders Nyland, meiner «det viktigaste for næringa er at vi har ein god, tverrsektoriell reiselivspolitikk».
– Både Finansdepartementet, Næringsdepartementet, Samferdselsdepartementet og Kulturdepartementet jobbar på område som er viktig for reiselivet. Det krev først og fremst ein god, føreseieleg og heilskapleg reiselivspolitikk, seier han.
Direktør i Norsk Reiseliv, Per-Arne Tuftin peiker på det same:
– Det ville vere fint med ein reiselivsminister, men eg trur ikkje at det er realistisk. Eg har større tro på ein egen statssekretær som berre jobbar med reiselivssaker i eit departement som har gjennomslag i regjeringa.
Jobbar med ny kompensasjonsordning
– Vi har stor merksemd på reiselivet. Regjeringa meiner det er viktig å sikre gode og føreseielege rammevilkår for alt næringsliv – også reiselivsnæringa, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Ho viser at regjeringa i 2017 la fram reiselivsmeldinga, då var det 17 år sidan førre stortingsmelding om reiseliv.
– Regjeringa har lagt til rette for reiselivsnæringa gjennom gode rammevilkår som redusert skatt, ein historisk satsing på samferdsel, forenklingar for næringslivet og meir digitalisering. Og berre i haust har regjeringa foreslått nærmare 1,5 milliardar kroner til spesialsydde ordningar for reiselivet, seier Nybø.
Statssekretær Rune Alstadsæter ved Statsministerens kontor avviser behovet for eigen reiselivsminister, og seier følgjande:
– Næringsminister Iselin Nybø er statsråd for reiselivet. Ho gjer ein viktig og god jobb, og sikrar gode og føreseielege rammer for nærings- og reiselivet.