Onsdag bør du vurdere å måke hyttetaket – til helga må kanskje bilen stå

Store delar av landet kan vente seg både snø, sludd og regn dei nærmaste dagane. Og så blir det glatt.

Ensomme hytter i Myrkdalen, Påskekortstokk

LAVAR NED: Fleire stader i landet kan vente seg opp til 40 centimeter med snø dei nærmaste dagane. Snøen vil verte tung, så meteorologen ber folk passe på hyttetaka.

Foto: Arne Hofseth

– Det er eit lågtrykk som styrer vêret i heile landet, seier meteorolog Martin Granerød.

Tysdag og onsdag kan det bli vintervêr over store delar av landet. Lågtrykket vil føre med seg ein god del nedbør rundt omkring, særleg i indre strøk og i fjellområde.

I områda med mest nedbør kan ein få opp til 50-60 millimeter.

– Det vil seie at ein kan få om lag 40 centimeter med snø dei kommande dagane. Og så blir det regn opp att på, forklarer Granerød.

Laster Twitter-innhold

Meteorologen: – Pass på hyttetaka

Natt til torsdag vil temperaturen stige i områda innanfor kysten. Dermed vil nedbøren koma mykje som regn og sludd.

Meteorologen oppfordrar folk til å halde eit auge med hyttetaka, for snøen vil bli ganske våt og tung etter kvart.

– Mesteparten av nedbøren legg seg i Agder og Rogaland. Så vil det bli gradvis mindre desto lenger nord ein kjem, legg Granerød til.

Vinden aukar på i løpet av torsdagen til ein sørleg liten til full storm langs Agder-kysten og Rogaland og sørvestleg sterk kuling opp Skagerak-kysten.

Vogntog har problem i Sogndalsdalen

BLIR GLATT: Mange vil få skikkeleg hålkeføre til helga. Det kjem fyrst snø, så regn, også frys det att etterpå, åtvarar meteorologen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Farevarsel

Også frå Trondheimsfjorden og nordover til Finnmark vil ein kjenne på vinden. Eit søraustleg kraftig vindfelt vil byggje seg opp, samstundes som at det vert kjølige temperaturar.

Kombinasjonen stiv kuling og temperaturar ned mot minus fem-seks grader vil eigentleg kunne følast ut som temperaturar ned mot minus 15 grader.

– Det gjeld då i område som ligg forholdsvis nære kysten. Det er sendt ut eit farevarsel om kraftige vindkast i nordlege Trøndelag, Nordland og Troms, fortel meteorologen.

Laster Twitter-innhold

Glatt og vått til helga

Medan det blir mildare temperaturar ut mot kysten, vil det etter kvart gradvis komme inn kaldare luft som gir minusgrader for Sør- og Austlandet til helga.

– Då er det nok mange som vil få skikkeleg hålkeføre fleire stader. Det kjem fyrst snø, så regn, og så frys det att etterpå, åtvarar meteorologen.

Tafikantane bør vere førebudde.

– Vegfarande må rekne med vanskelege køyreforhold, seier Nils Jakob Aae i Statens vegvesen.

Entreprenørane er ute med brøyting og salting av vegane, men det vil bli ein god del vegar med snø og slaps frå torsdag av.