Omsetninga til lokalbutikken stupte – skuldar på kommunesamanslåing

Butikksjef Hanne Raad Larsen meiner butikken har mista kundar på grunn av ny storkommune.

Butikksjef Joker Skei

MOT SLUTTEN: Butikksjef Hanne Raad Larsen seier det kan gå mot slutten for Joker-butikken på Skei.

Foto: Hallstein Dvergsdal

– Vi merka overgangen ganske godt rett over nyttår. I større grad enn vi hadde forventa.

Butikksjef Hanne Raad Larsen på Joker på Skei i Sunnfjord er fortvila. Det har blitt ein tøff månad for dei tilsette på den vesle butikken etter at omsetninga gjekk kraftig ned etter nyttår.

Det var Firda Tidend som først omtalte saka.

– Vi har mista lunsjkundar, og dei som var på veg heim, seier Larsen.

Butikken ligg berre 50 meter frå det som fram til 31. desember var kommunehuset i Jølster kommune. Ved nyttår blei Jølster ein del av nye Sunnfjord kommune, og fleire av dei tidlegare tilsette på kommunehuset jobbar no i Førde.

Butikken på Skei har ikkje gått med overskot sidan 2015, men Larsen er klar på at dei merka overgangen til ny storkommune. Tala viser at eit 30-tals kundar er vekke. For ein liten butikk har det alt å seie, meiner ho.

– Får vi ikkje opp omsetninga, så må vi vurdere å leggje ned, seier Larsen.

Varestopp

Lågare omsetning hittil i januar har fått konsekvensar. Butikken har delvis varestopp fram til alle rekningane er betalte.

– Vi kjempar i kulissane for å få betalt rekningane, seier butikksjefen.

Joker-kjeda kan ikkje seie at dette er eit fenomen som har skjedd fleire stader i Noreg

– Det er inga trend som tilseier at kommunesamanslåingar har påverka topplinja for våre butikkar, seier informasjonsrådgjevar i Kjøpmannshuset, Hanne Evensen.

Alle tilsette jobbar no med å få butikken til å skine for kundane. Om ikkje dei klarer å snu det kan det bli stengde dører innan kort tid, utan at Larsen vil setje ein frist.

– Det spørst på omsetninga. Vi tar ein dag om gangen, seier ho.

Sunnfjord-ordførar Olve Grotle frå Høgre vil ikkje kommentere saka.

Joker Skei

JOKER: Bygda Skei kan få ein butikk mindre.

Foto: Hallstein Dvergsdal

Ikkje uventa

Den tidlegare Sp-ordføraren i Jølster, Oddmund Klakegg, er ikkje overraska over at butikken har fått hardare kår.

– Det er svært beklageleg at dei vurderer å leggje ned.

Han seier den 100 år gamle butikken er viktig for bygda. At ei kundegruppe er vekke for butikken er ikkje han i tvil om.

– Ikkje berre dei tilsette på kommunehuset, men og dei som har brukt kommunehuset og tenestene som var der, seier Klakegg.

Oddmund Klakegg

VIKTIG FOR BYGDA: Tidlegare ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, meiner det er grunnlag for to butikkar på Skei.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Håpet er der

Klakegg meiner det bør vere godt kundegrunnlag for to butikkar i bygda med E39 og riksveg 5 som går forbi berre få meter frå inngangsdøra til butikken. Men han forstår pendlarane.

– Jobbar du i Førde og pendlar, så handlar du på veg heim. I Førde er det fleire butikkar, større utval og lågare prisar.

Han oppmodar sambygdingane til å bruke dei lokale butikkane. For Larsen og dei andre butikktilsette begynner lyset å brenne ut.

– I lengda får dette større konsekvensar for Skei. Det er nok ikkje berre vi som vil merke det.

Vert butikken lagt ned, er det ikkje berre arbeidsplassar som forsvinn, meiner butikksjefen.

– For min del blir det å flytte frå Skei – finne meg ein annan plass å jobbe og bu.