Etter tips frå publikum vart bilen til ungdomane, ein gut (19) og ei jente (18), lokalisert klokka 1823 ved Røyrneset i Selje kommune. Etter det politiet har fått opplyst skal dei to ha vore kjærastar.
I bilen fann dykkarar to omkomne personar. Politiet går langt i å stadfeste at det er dei to ungdomane som er funne omkomne.
- Les også: Opnar skulen for medelevar til sakna
OMKOM: To personarr er stadfesta omkomne i bilen til dei to sakna ungdomane.
Foto: Redningsselskapet– Dei omkomne er ikkje identifisert, men familiane til dei to som er sakna er varsla om funnet. Kriseteam er ute i samtale med familiar, samt at familiemedlem og skulemiljø vert tekne hand om av kriseteamet i Vågsøy, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Ni meters djupne
Politiet vart tipsa frå publikum om striper i støypekanten like sør for Runderheim, kring ei mil frå kommunesenteret Selje.
Her vart det også funne delar av den sakna bilen.
– Vi fekk hjelp frå brannkorps og redningsskøyta til dykking på staden. Bilen til sakna vart funnen på ni meters djupne med to omkomne personar i bilen, seier Gulliksen.
HER SKJEDDE ULUKKA: Røyrneset er like sør for Runderheim, kring ei mil frå kommunesenteret Selje.
Foto: Google StreetviewBilen er no teken på land og dei omkomne er tekne hand om av gravferdsbyrå.
– Så vil politiet og eventuelt Statens vegvesen gjennomføre sine undersøkingar på staden, seier Gulliksen.
Smal og kronglete
Ungdomane
mellom Vågsøy og Selje.Politiet konsentrerte difor søket langs denne vegen då ungdomane vart formelt meldt sakna fredag. Bilen har køyrt av vegen i ein venstresving, på veg sørover.
– Vegen er smal og kronglete. Den går langs ved sjøkanten. Det er fjell på eine sida og fjord på andre sida, difor må vi vere sikre på at vi har leita nøye nok, opplyste operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no i 18-tida.
Mannskap frå Selje, Eid og Vågsøy Røde Kors Hjelpekorps medverka i søket. Det gjorde også ei redningsskøyte og eit redningshelikopter.