Mannen vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, der han vart operert, men livet stod ikkje til å redde, opplyser den akuttmedisinsike alarmsentralen.
- Truleg vådeskot
Ulukka skjedde under saueslakting på garden, fortel operasjonsleiar ved politiet i Sogn og Fjordane, Stig Inge Hauge. - Det er truleg eit vådeskot som har treft ein person som deltok i slaktinga, seier han.
Treft i magen
Fire menneske var til stades då ulukka skjedde like før klokka 22 i går kveld. Mannen frå Flora vart skoten i magen med eit handvåpen av ein anna mann i samband med saueslakting.
Politiet har sikra seg våpenet
Operasjonsleiar Stig Inge Hauge seier dei no vil etterforske saka. - Vi må få klarlagt kva som skjedde. Vi har sikra oss våpenet og har vore på staden.
- Har de mistanke om at det har skjedd noko kriminelt?
- Det einaste vi kan seie er at vi etterforskar saka, så får det spørsmålet kome på eit seinare tidspunkt, seier Stig Inge Hauge.
Andre dødsulukka ved saueslakt
Torsdag skjedde ei liknande ulukke på Frøya i Sør-Trøndelag. Der omkom ein 27 år gamal mann då han vart treft av ei kule frå ei slaktemaske i samband med slakt av lam på ein gard.