Hopp til innhold

63-åring døde i MC-ulukke ved den stengde tunnelen

Ein motorsykkelførar i 60-åra omkom i ei ulukke i Voss tysdag kveld. Mannen køyrde inn i ein bom som stengde Tunsbergtunnelen.

Tunsbergtunnelen

MC-ULUKKE: Ein person omkom etter ei motorsykkelulukke i Tunsbergtunnelen.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Oppdatert: Det var Arvid Dalen, 63 år frå Sandefjord, som omkom i ulukka på rv. 13 ved Tunsbergtunnelen på Voss 17. mai.

Namnet er frigitt etter samråd med pårørande, skriv politiet i ei pressemelding.

Etterforskinga syner at den avdøde køyrde inn i bommen som var nede på grunn av bilberging, slik NRK skreiv onsdag.

Det var seint på kveld 17. mai at dødsulukka skjedde på riksveg 13 i Granvin i Voss herad.

Det er ikkje registrert nokon slike dødsulukker det siste tiåret, opplyser Vegvesenet til NRK.

Skal ha køyrt inn i bom

Både politi og Statens vegvesen stadfestar at motorsykkelen køyrde inn i ein bom som var nede før tunnelen.

Bommen sperra innkøyringa til tunnelen på grunn av bilberging, og ulukka skjedde like før klokka 22 på nasjonaldagen.

Statens vegvesen er usikre på om noko liknande har skjedd før, etter å ha gått gjennom ulukkesregisteret.

– Me kan ikkje finne nokon dødsulukker i perioden 2011–2021 som skuldast kollisjon med bom ved stengt tunnel, seier Åsmund Møller Johansen hjå Statens vegvesen.

Ulukke i Tunsbergtunnelen 17. mai 2022

INGEN FEILMELDINGAR: Bommen er automatisk og var nede grunna bilberging.

Foto: Vidar Herre/Avisa Hordaland

Gjorde undersøkingar på staden

Det var ikkje andre involverte i ulukka.

Politiet har gjort undersøkingar på staden, men det er framleis uklart kva som var årsaka til at den mannlege MC-føraren kolliderte med bommen.

Det opplyser politistasjonssjef Ivar Hellene ved Voss politistasjonsdistrikt til NRK onsdag føremiddag.

Tunsbergtunnelen er open igjen etter ulykka.

Automatisk bom

Vegtrafikksentralen stadfestar at bommen var nede på grunn av bilberging inne i tunnelen. Slike bommar i tunnelopningane er standard utstyr i dei fleste tunnelane.

– Dei går ned ved at me trykker på ein knapp, blant anna når det går føre seg bilberging inne i tunnelen, seier trafikkoperatør Jenny Nilsson.

Ho ser i systemet at bommen har vore nede, men kan ikkje sjå at det har vore noko gale med verken sikring eller varsling på staden.

– Det er ingen feilmeldingar hos oss, seier Nilsson.

Det har vore fleire tilfelle der bilistar har kollidert med bommar som stenger tunnelar.

Etter eit møte onsdag formiddag, konkluderte Havarikommisjonen at dei ikkje skal sjå nærmare på dødsulukka i Voss.

– Det er basert på ei heilskapsvurdering, seier avdelingsleiar for veg, Ingvild Ytrehus, i havarikommisjonen.

TUNSBERGTUNNELEN: Tunnelen er fire kilometer lang, og ligg i Voss.

Brannvesen kalla ut frå fleire kommunar

Den omkomne er 63 år gamal, norsk statsborgar, men ikkje heimehøyrande i Vest politidistrikt. Dei pårørande er varsla, opplyste politiet like før klokka 03.

Brannvesenet rykte ut frå både Voss og Granvin.

– Me har hjelpt til med alt me kan hjelpa til med, både førstehjelp og sikring av skadestaden, handtering av lekkasje og opprydding, fortel vaktkommandør hos 110 Vest, Jan Ove Haga.

Riksveg 13 blei stengd på ulukkesstaden medan politiet og Vegvesenet gjorde krimtekniske undersøkingar, men opna igjen onsdag morgon like etter klokka 6.