Hopp til innhold

Omfattande gransking av barnevernet

Etter mange brot på barnevernlova kartlegg no fylkesmannen barnevernet i kommunane gjennom ei spørjeundersøking.

Barnevernet her i fylket har svært låg bemanning. Halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane har under to årsverk i barnevernet.

Og det kan vere noko av årsaka til dei mange lovbrota, seier rådgjevar Jens Tore Eggum i helse og sosialavdelinga hos Fylkesmannen.

Følgjer ikkje opp lovpålagte oppgåver

Illustrasjonsbilde
Foto: Scanpix

 - Etter å hatt tilsyn med kommunane i fleire år, har vi avdekka avvik i barnevernet i alle kommunar utanom Jølster, seier han.

Det betyr at dei ikkje har følgt opp oppgåvene som er lovpålagte. Mellom anna for barn som bur i fosterheim.

- Dei har ikkje hatt nok tilsynsbesøk eller hatt nok besøk av sakhandsamar, seier Eggum.

Det er ei omfattande spørjeundersøking helse og sosialavdelinga hos fylkesmannen har sett i verk. Det er barnevernleiarane i kommunane som skal svare på granskinga, men etter to månadar er det berre halvparten av kommunane som har svara.

Låg bemanning i høve til talet på saker

Medan talet på saker aukar sterkt, har Sogn og Fjordane svært låg bemanning innan barnevernet, og det er berre Nord-Trøndelag som har færre tilsette i høve barnetalet.

Eggum trekkjer fram at Sogn og Fjordane har få interkommunale samarbeid i forhold til andre fylke.

Kommunane har for få ressursar i forhold til talet på saker dei har. Og dei har auka over år, seier han.