Hopp til innhold

– Omfattande brot på privatskulelova

Akademiet-skulane og Bergen Private Gymnas får no varsel om å betale tilbake statstilskot. – Dette er alvorleg, seier Utdanningsdirektoratet.

Akademiet i Ålesund

MÅ BETALE TILBAKE: Akademiet VGS i Ålesund må betale tilbake nær 800.000 kroner.

Foto: Øyvind Sandnes

Utdanningsdirektoratet sitt tilsyn med Akademiet-skulane og Bergen Private Gymnas avdekkjer omfattande brot på privatskulelova, skriv Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.

Skulane får no varsel om å betale tilbake statstilskot og endre praksisen når det gjeld kjøp av tenester frå nærståande selskap.

– Skulane har betalt overpris på tenester frå nærståande selskap, og har kjøpt tenester som ikkje er relevante for skuledrifta, seier divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Annemarie Bechmann Hansen i pressemeldinga.

– Dette er alvorleg

Hansen meiner at saka er alvorleg.

– Dette er alvorleg fordi tilskotet dei har fått frå staten, ikkje kjem elevane til gode slik det er meint, seier ho.

At skulane kjøper tenester frå nærståande selskap, er i seg sjølv ikkje ulovleg, men tilsynet dokumenterer at skulane i 2011 betalte 18 millionar kroner over marknadsverdi for desse tenestene.

Ifølgje pressemeldinga er denne overprisinga eit klart brot på privatskulelova.

(Artikkelen held fram under biletet)

Akademiet Bergen

AKADEMIET I BERGEN: Akademiet i Bergen må betale tilbake over 6 millionar kroner.

Foto: Akademiet

Akademiet reagerer

Akademiet kjem også med ei pressemelding i dag. Der skriv dei at Akademiet er positiv til at Udir gjennomfører tilsyn og at myndigheitene forvaltar gjeldande regelverk.

Dei skriv vidare at Akademiet, etter den førebelse gjennomgangen, er sterkt undrande og usamd i premiss, vurdering og konklusjon i motteke varsel om vedtak.

– Vi vil no nytte tida fram til merknadsfristen for å gjennomgå det varsla vedtaket, og evaluere merknads- og innsigelsesstrategi for kvar enkelt skule, skriv dei i si pressemelding.

Dei nemner også at hovudfokuset til Akademiet er å drive ein best mogleg skule for sine elevar og lærarar.

Har tatt ut forteneste

Pressemeldinga skriv at eigarane av skulane har tatt ut store fortenester i dei nærståande selskapa.

– Bergen Private Gymnas og Akademiet Bergen har betalt ei husleige som er om lag 80 prosent høgare enn marknadsprisen. Overprisen har gått til eigarane av skulen, heiter det i pressemeldinga.

Det totale tilbakebetalingskravet er 18.497.000 kroner. Kravet utgjer mellom 19 og 3 prosent av statstilskotet skulane fekk i 2011.

Sjå kor mykje kvar enkelt skule må betale i faktaboksen til høgre.