Hopp til innhold

Sommar­bilistane råkøyrer: – Urovekkjande

Trafikkulukker med drepne og hardt skadde aukar med femti prosent desse månadane. Utrykkingspolitiet seier dei følger godt med.

Fartskontrollar i Bergensområdet

Eivind Hellesund, assisterande distriktsleiar i Utrykkingspolitiet

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

– Vi har sett i perioden frå 2019 til 2023 at det er 50 prosent fleire ulykker med drepne og hardt skada i sommarmånadane, seier assisterande distriktsleiar i Utrykkingspolitiet, Eivind Hellesund.

For å førebygge alvorlege ulukker har dei fartskontrollar på vegar og strekningar som er utsette.

Tysdag hadde Utrykkingspolitiet fartskontroll fem forskjellige stader i Vestland.

Til saman delte dei ut 51 bøter og drog inn fem førarkort.

– Det synest vi er litt urovekkjande for trafikktryggleiken og andre bilistar, seier Hellesund.

Fartskontroller i Bergensområdet

Flyplassvegen i Bergen er ein av områda der bilistane ofte køyrer langt over fartsgrensene.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Mennene skil seg ut

Utrykkingspolitiet registrerer at det jamt over er bra, men at nokon skil seg veldig ut.

– All statistikk viser at dei aller fleste held fartsgrensa og køyrer etter forholda. Men dei siste vekene har vi hatt nokre som køyrer langt over fartsgrensa.

Eivind Hellesund oppfordrar alle til å puste med magen og følgje trafikken når ein er ute og køyrer.

Hellesund synest den høge mengda av sjåførar som bryt fartsgrensene er urovekkjande.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

På tysdag tok dei fleire råkøyrarar. Ein av dei køyrde 127 km/t i ei 50-sone og fleire køyrde over 130 km/t.

Kven er den typiske råkøyraren?

– Det er menn, og dei byrjar frå dei får lappen og heilt til dei kjem opp i femtiåra i alle fall. Både på bøter og førarkortbeslag er det menn som skil seg ut, seier Hellesund.

– Pust med magen, og slepp folk forbi

Han fortel at det er viktig å puste med magen og følgje trafikken.

– Vi forstår at det er frustrerande å køyre bak ein som køyrer seinare enn det ein vil, men ein må prøve å unngå forbikøyringar, seier han.

Det er mennene som råkøyrer mest, i følgje Hellesund.
Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Hellesund kjem med ei klar oppfordring til å sleppe forbi, sjølv om du meiner du køyrer i riktig fastgrense.

– Hjelp dei som vil forbi. Gje dei eit teikn med blinklys og køyr inn til sida. Det kostar lite, og det sparar mykje frustrasjon og gjerne bøter, førarkortbeslag og verre ulykker.