Hopp til innhold

Olje på populær badestrand

Oljen frå det havarerte lasteskipet "Server" har nådd den populære badestranda Grotlesanden i Bremanger.

Brannsjef i Kalvåg, Odd Tore Frøyen, seier det likevel berre er snakk om mindre mengder.

- Det ligg ein del oljekaker langs heile stranda. No vil vi prøve å få frivillige som kan hjelpe til med å få fjerna oljen, seier Frøyen.

Frøyen var torsdag ettermiddag ute for å sjå på kor oljen hadde lagt seg.

- Vi hadde håpa at vi slapp oljen, men det gjorde vi altså ikkje. Kor mange personar som melder seg som frivillige vil avgjere kor fort vi får fjerna oljen, seier brannsjefen.

Også på Hoddevik og Ervik på Stadlandet vart det oppdaga olje torsdag. Med hjelp av frivillige og folk frå Sivilforsvaret vart den fjerna i løpet av dagen.