Hopp til innhold

Olga og Eirik har fylt opp heimen sin med flyktningar frå Ukraina

Før budde det tre personar i den 67 kvadratmeter store leilegheita i Bergen sentrum. No er dei ni.

Yuliia Lazutina og dottera Emiliia

LANG FLUKT: Yuliia Lazutina flykta i tre dagar med dottera Emiliia frå den ukrainske byen Lviv til Bergen.

Foto: Elise Welde / NRK

– Eg deler på dokka mi. Ho elskar dokka mi, seier seks år gamle Cataleya Haugland.

Dei siste dagane har ho måtta dela på leikene sine, etter at Emiliia (4) og Demjan (6) flytta inn i leilegheita saman med foreldra sine.

Til vanleg bur Cataleya der saman med foreldra Olga Bidak og Eirik Haugland. Bidak er frå Ukraina, og var ikkje i tvil om å opna opp heimen då krigen braut ut i heimlandet.

– Det er familien vår. Me kan ikkje ta imot alle, men har prioritert småbarnsfamiliar.

Yuliia Lazutina og Olga Bidek

VENINNER: Yuliia Lazutina og Olga Bidak er gamle veninner frå Ukraina. No deler Olga leilegheita si for Yuliia og fem andre ukrainarar.

Foto: Elise Welde / NRK

Flykta i tre dagar

Blant dei som har flytta inn, er Yuliia Lazutina. Ho flykta saman med den fire år gamle dottera Emiliia frå byen Lviv i førre veke. Til saman brukte dei tre dagar på å koma seg til Bergen.

Mannen hennar køyrde dei så langt han kunne, men dei måtte gå i fire timar for å nå grensa til Polen. Så venta tolv timar til før dei slapp inn i Polen.

– Me er tekne godt i mot i Noreg, og mange ønskjer å hjelpa. Omstenda er triste, men det kjennest bra her. Me vil likevel fortast mogleg heim til Ukraina, seier Lazutina med tårer i auga.

Olga Bidak og Erik Haugland i Bergen har teke imot seks ukrainske flyktingar.

HJARTEVARME: Det er heilt fullt rundt middagsbordet etter at det flytta inn seks ukrainarar i leilegheita til Olga Bidak og Eirik Haugland.

Foto: Elise Welde / NRK

1000 ukrainarar har kome til Noreg

FN ventar at talet på ukrainske flyktningar kjem til å runda to millionar i løpet av tysdag.

Norske styresmakter har no registrert om lag 1000 flyktningar frå Ukraina, opplyser justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

I Stortinget i dag svarte Mehl på utfordringar knytte til å busetja alle.

– No kjem me til å iverksetja ei ordning med mellombels kollektivt vern raskt. Me oppskalerer mottakskapasiteten, og finn ut korleis kommunane kan ta i bruk ressursane på ein best mogleg måte. Både dei ressursane som ligg i private heimar, og kva kommunane elles må stille opp med av integrering.

Hero, som er Noregs største driftsoperatør for asylmottak, varsla i dag at dei bygger opp seks nye mottak for å ta i mot 1.150 ukrainarar innan 14 dagar.

– Me har kapasitet til å bygga opp fleire mottak ganske snart, seier konserndirektør for mottak i Hero, Vidar Torheim.

Mange reglar å setja seg inn i

UDI har tidlegare bede privatpersonar som ønskjer å husa flyktningar, om å ta kontakt med kommunen.

Same dag som Russland invaderte Ukraina, reiste Thomas Aas frå Horten til Polen for å henta ei veninne og dottera hennar.

Han synest det er mykje å setja seg inn i av reglar. Når flyktningar bur privat, må mykje ordnast på eigen hand.

At flyktningar bur i private heimar, avlastar jo staten, men det er viktig at det blir ordna med norskkurs, skule og barnehageplass. Jenta treng å leika med andre born, seier Aas.

Thomas Aas fra Horten kjørte til Polen for å hente venninnen Mira Karavska og hennes datter Margarita

LANG TUR: Thomas Aas frå Horten køyrde til Polen for å henta veninna Mira Karavska og dottera hennar, Margarita.

Foto: Privat

Ordførar i Horten, Are Karlsen, seier dei er positive til å ta i mot flyktningar.

– Me førbur oss på å ta i mot mange, men har ikkje barnehageplassar og bustader på plass frå dag ein. Det får me løysa etter kvart.

Han seier det også er uklart kva som er forventa av kommunane og korleis staten stiller opp.

Også Dag Roll-Hansen frå Oslo er spent på kva oppfølging dei vil få frå kommunen. Han har opna heimen sin for ein ukrainsk kollega og hennar familie.

Olga Zhydetska landa i Noreg før helga saman med si mor og sine to born.

Det er godt å få hjelp. Det gir meg håp og håp er det einaste me har no, seier ho.

Olga Zhydetska flyktet sammen med sin mor og sine to barn til Norge. Her blir de møtt av hennes norske kollega Dag Roll-Hansen på Torp.

BUR HOS NORSK KOLLEGA: Olga Zhydetska flykta saman med mor si og to born til Noreg. Her blir dei møtt av hennar norske kollega Dag Roll-Hansen på Torp.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Mange privatpersonar melder seg

I Åmot kommune har Tollef Mykleby og kona stilt ei leilegheit til disposisjon for ukrainske flyktningar. Dei bur i eit stort hus på garden Melgården, der dei har ei gjesteleilegheit.

– Me såg på nyheitene og tenkte same tanke, at her er me nøydde til å hjelpa. Så sende me melding til ordføraren om at me gjerne vil ta i mot ein flyktningfamilie viss det er behov.

Ordførar i Åmot, Ole Erik Hørstad (H), seier kommunen vil stilla med 30 bueiningar på kort varsel. Han snakkar også om eit massivt lokalt engasjement blant innbyggarane.

Det har strøymt på med meldingar til meg som ordførar frå privatpersonar. Det er alt frå ledige hus til sokkelleilegheiter.

Fekk bord gratis

Tilbake i Bergen er Olga Bidak uroa for alle i familien som framleis er i Ukraina.

Ho har likevel gitt husrom og mat til seks personar. Ho og mannen har ommøblert heile leilegheita for å få plass til alle, og opplever at mange vil hjelpa til.

– Me trengde eit nytt spisebord, og fann eit til sals på nettet. Det enda med at seljaren gav det til oss då me fortalde kva me skulle ha det til. Det er så fint gjort, seier Olga Bidak.

Yuliia Lazutina, Olga Bidel og Cataleya Haugland.

HÅPAR Å REISA HEIM: Yuliia Lazutina blei køyrt til grensa til Polen av mannen. No håpar ho å kunna reisa tilbake til Ukraina så snart som mogleg.

Foto: Elise Welde / NRK