Hopp til innhold

Ole Bull byr opp til ein siste dans

BREISTEIN-VALESTRANDSFOSSEN: Osterøy var tidlegare ein stor ferjekommune. No kan siste sambandet til øya forsvinne om ikkje ostringane trår til.

Ole Bull

TOM SALONG: Med ei nedbetalt bru som konkurrent, kjempar ferja til Osterøy ein tøff kamp om passasjerane. Likevel har ferja overlevd i tolv år. Til no.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Framtida ser usikker ut. Vi veit ikkje om kundegrunnlaget er godt nok, sukkar kapteinen på MF Ole Bull, Atle Remøy.

Brua på Osterøy vart nyleg gratis. Samstundes gjer rushtidsavgifta i Bergen at færre vel å pendle med bil. Alt set kundegrunnlaget til Osterøyferja AS under press.

Får ingen støtte

– Det er opp til ostringane om ferja skal fortsette. Og til politikarane, seier Remøy. Ferja mellom Breistein i Åsane og dei befolkningstunge delene av Osterøy er den einaste i fylket som ikkje får ei krone i støtte.

Breistein-Valestrandsfossen

Tidlegare hadde Osterøy tre ferjesamband. No er det siste i fare. Det er ein tanke som får Ivar Medaas til å snu seg i grava.

Dette meiner NRK om Breistein-Valestrandsfossen:

Overfart og kaiar: 4

Ostringane må unnskylde, men det er ikkje ein veldig interessant tur over fjorden. Valestrandsfossen er jo rett nok fin frå sjøsida. Ingen tilbod på kaiane, men på Osterøy-sida er det butikk i rimeleg gangavstand.

Ole Bull

INGEN TILBOD: Kaiane på sambandet er blotta for tilbod.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fartøy: 3

Vi kan avkrefte ryktene om at MF Ole Bull er ein ombygd lekter. Det er berre ei ferge som er bygd for å være så enkel og billig som mogeleg. Det er særs forståeleg, men endrar ikkje at den er stygg som juling. At motorane står oppe på dekk gjer og at det bråker ein del. Ferga har ein heilt grei og teneleg salong på sida.

Ole Bull

– STYGG SOM JULING: Utsjånaden på ferja får slakt av NRK sin ferjekritikar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Service og fasilitetar: 3

To automatar om bord. Eit greit toalett. Ingenting på kaiane.

Nostalgi og oppleving: 3

At dette er siste ferja til Osterøy, og at den er i fare gjev grunn til nostalgi.

Ole Bull

VAKKERT PÅ VALESTRAND: Bygda, sett frå ferja, trekkjer opp karakteren for sambandet. Her ser du også ferja sin motor som er plassert oppe på dekk.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Totalt 13 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks