Hopp til innhold

Her dirigerer Olav (81) så heftig at politiet til slutt tok kontakt

Olav Lundgren (81) ville gi bygda ei sjeldan oppleving på nasjonaldagen. Slik enda han opp på politiet sin Twitter-konto 17. mai.

Leikanger Musikklag, dirigert av Olav Lundberg.

FESTKONSERT: Dirigent Olav Lundgren ville rette publikum si merksemd mot Leikanger Musikklag under 17. mai-feiringa. Smartklokka gjorde at han også fekk naudetatane si merksemd.

Foto: Heidi Eiken

– Det koka godt i toppen då det stod på. Eg hugsar mest ingenting frå «Våren» og ut, fortel Olav Lundgren.

For det gjekk ikkje heilt etter planen då han skulle dirigere på 17. mai.

Lundgren er tidlegare soloklarinettisten til Kringkastingsorkestret.

No skulle han for andre gang dirigere Leikanger Musikklag framfor eit publikum.

Løyste ut naudalarm

Strålande sol og to år utan nasjonaldagsfeiring lokka folk i hopetal til festlokalet på Leikanger i Sogn. Stemninga var god og høglydt, men dirigenten ville rette merksemda mot musikklaget.

Etter ein trommevirvel, som blir kraftigare og kraftigare, var planen å gje publikum ei oppleving av det sjeldne.

Olav Lundgren, dirigent og klarinettist

DIRIGENT: Olav Lundgren har gjennom karrieren vore tilsett i Kringkastingsorkestret og i Den Norske Opera og operaen i Wien. I tillegg har han dirigert fleire korps og orkester.

Foto: Privat

– Eg ville byrje med eit skikkeleg fortissimo, og smelte til så hardt eg kunne for å overvelde publikum. Samstundes løyste eg ut naudalarmen på smartklokka, seier han.

– Vart stressa

Verken korps eller publikum fekk med seg dramatikken, men 81-åringen forstod kva som var skjedd då klokka rista. Han har løyst ut alarmen også tidlegare, men har då klart å stoppe alarmen.

No låg både skjorte og mansjettar i vegen for knappen som avbryt alarmen.

– Eg vart stressa. Høgrehanda måtte eg jo dirigere med, fortel Lundgren.

– Vurderte du ikkje å stoppe for å slå av alarmen?

– Eg kunne gjort det, men vi skulle inn i eit nydeleg solostykke, så eg ville berre dirigere.

– Eg hadde jo berre dirigert

Så balla det på seg. Klokka spør om han har falle, og om den skal kontakte naudetatane. Etter kvart høyrer han politiet frå klokka, og så at dei kommuniserer med ambulansen.

I andre enden høyrer naudetatane kraftig korpsmusikk.

Lundgren trur faren er over når klokka blir taus midt i «Dovregubbens hall». Det viser seg å vere feil etter at applausen frå publikum stilnar.

Politiet meldte om hendinga på Twitter.

TWEET: Slik kan det gå når ein engasjert og entusiastisk dirigent ikkje tek av seg ei avansert smartklokke på jobb.

Foto: Skjermdump / Vest politidistrikt

– Politiet ringde. Dei stod klare og kunne rykke ut med ambulanse. Eg sa at dei måtte ikkje gjere det. Eg hadde jo berre dirigert, seier Lundgren.

Dirigerer utan klokka

Hendinga varsla også politiet på Twitter.

– Dei var nok litt sure, men dei tok det med godt humør. Ein skal ikkje misbruke funksjonane, seier Lundgren.

– Eg er i grunn glad for at funksjonen verkar så bra som det gjer. At klokka registrerer og seier ifrå, og at etatane set i gang og gjer det dei skal, seier han og lurer på om alarmfunksjonen kanskje fungerer litt for bra.

Jamt utover dagen registrerte klokka brå rørsle og varsla kontaktpersonen som Lundgren har gjeve opp.

Det kan jo folk vere merksame på, at ein også må slå av alarm for pårørande.

– Tek du av deg klokka neste gang du dirigerer?

– Ja, eg må nok det. Eg blir fort litt ivrig og tek store slag.

Les også Sokneprest Marianne er korist på gresk Eurovision-låt: – Vi stod her og gaula

Marianne Bergsjø Gammelsæter