Hopp til innhold

Etter 12 år i jobben gir han klubba vidare - og han vil ikkje bli ein «sjuande far i huset»

Neste haust har Olav Lunden vore ordførar i Leikanger i 12 år. Og det får vere nok, meiner 58-åringen. No varslar den røynde Ap-politikaren at han trekkjer seg ut av politikken.

Olav Lunden

NO GIR HAN SEG: Nesten haust har Olav Lunden sete med ordførarklubba i Leikanger i 12 år. Det meiner han sjølv er nok. Bilete er teke i samband med utvidinga av Difi sine lokale på Leikanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg har gjort ein jobb for Leikanger og partiet lenge no. Eg har vore ordførar i snart 12 år, og har sete i kommunestyret i snart 20 år. Jobben eg har gjort har gitt resultat, og no meiner eg det er på tide at andre får kome til, seier Lunden.

Meldinga om at han ikkje tek attval som ordførar fekk Leikanger Arbeidarparti på årsmøtet i går. Etter å ha vore ein stødig ordførar for partiet sidan 2003 er det på tide å sleppe nye krefter til meiner 58-åringen.

– Det er fleire som er aktuelle, men eg vil ikkje blande meg inn i det arbeidet, seier Lunden og viser til at det er ein jobb for nominasjonsnemnda.

Fekk rassikra vegen til bygda

I 2003 gjekk Lunden frå jobben som personalmedarbeidar ved Vegkontoret til Statens vegvesen, til ordførarjobben på Leikanger.

Når han blir beden om å trekkje fram dei viktigaste sakene frå tida som ordførar, går han heilt tilbake til nettopp den hausten.

– Eg starta mitt første møte som ordførar med å ta opp saka rundt sikring av vegen mellom Sogndal og Leikanger, og sikring av Fatlaberget, minnast Lunden.

Kommunen hadde då lenge jobba for å få tunnel gjennom Fatlabergen inn i den Nasjonal Transportplan, men tidleg på 2000-talet var rassikringsprosjektet først prioritert i perioden 2012–2016. Det var alt for lenge for innbyggjarane å vente.

– Eg valde å signalisere at vi ville starte ei ny sak, der bilistane vart ein delfinansierande part. Det gjorde at vi fekk sett i gang arbeidet, og tunnelen opna fem år etter, seier Lunden.

(Artikkelen held fram under)

Ordførarar på nedlegging av Fatlabommen

TOK NED BOMMEN: Ordførar Olav Lunden var på plass då Fatlabommen for nokre veker sidan vart fjerna.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Og fekk ta med bommen

I desember 2008 kom dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete til Sogn, og opna Fatlatunnelen som sikra tryggare veg på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. Då hadde den rasfarlege vegen allereie kravd liv, ei ung kvinne miste livet etter at bilen hennar vart treft av stein hausten 2007.

Lunden er svært glad for at tunnelen vart realisert, og kunne for få veker sidan vere med då bommen vart fjerna. Den nye blåblå regjeringa bestemte seg nemleg for å fjerne siste biten av bompengar på denne strekninga.

– Dette er den eine store saka i mi tid som ordførar, seier Lunden.

Den andre store saka er utbygginga av sentrum i Leikanger. Med Lunden som ordførar fekk kommunen bygt opp eit idrettsbygg saman med ein fleirbrukshall.

– Det gjorde til at vi fekk eit heilt nytt sentrum, og eit heilt nytt system rundt idrett- og kulturaktivitetar, seier Lunden.

(Artikkelen held fram under)

Intervju. Foto/red: Patryk Smørdal. Int. Per Otto Hauge. Olav Lunden

Jobbar for å sikre viktige arbeidsplassar

Med halvanna år igjen til han takkar av som ordførar, har Lunden fleire ting han vil utrette før hans tid i stolen er over.

Sikring av dei statlege arbeidsplassane er noko av det viktigaste, seier han og trekkjer fram utvidinga av Difi sine kontor som noko av det viktigaste som har skjedd den siste tida.

– I desse dagar startar vi også utbygginga av vegkontoret på Leikanger, og det er eit spennande prosjekt, seier Lunden.

– Det er utruleg viktig at vi sikrar dei store arbeidsplassane våre.

Han håpar også at kommunen snart frå svar frå NVE om den planlagde kraftutbygginga.

Trur Ap i Leikanger står sterkt utan han

Den no 58 år gamle Ap-politikaren har også vore leiar i KS Sogn og Fjordane i ei årrekkje, og sit no som nestleiar der.

I Leikanger har han blitt rekna som ein stødig politikar, men det at han no gir seg trur ikkje Lunden vil ha noko å seie for oppslutnaden til Arbeidarpartiet i kommunen.

– Det er alltid slik at det kjem ny folk som kan ta opp trådane. Det er ingen som er uunnverleg i dette systemet. Eg har gjort ein jobb i ein forholdsvis lang periode, men det er ikkje vanskeleg å finne folk som er villige til å gjere ein jobb, seier han.

Vil ikkje bli ein «sjuande far i huset»

Når han hausten 2015 takkar av som ordførar, vil han også gå ut av dei andre verva han har i politikken. Og det blir ikkje aktuelt å sitte i kommunestyret i andre roller.

– Eg ser ingen grunn til å komme i kommunestyret som ein i hermeteikn «sjuande far i huset» som skal sitje der å dirigere. Det er ikkje min stil, så no overlèt eg politikken til andre.

– Gler du deg til å få meir tid til andre ting, eller er det vemodig å gje seg i politikken?

– Det har vore veldig spennande å vere med i politikken. For det første møter du mange folk, og du får vere med å påverke sakene. Ikkje minst får du lov til å meine ting om saker du meiner er viktige for bygda og lokalsamfunnet, og for felleskapet. Eg har sett veldig pris på å få gjere den samfunnsjobben som det er å drive politikk, seier Lunden.