Hopp til innhold

Heidra Hauge med eige senter

Etter mange års arbeid var det endeleg klart for opning av det nye Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

I dag (04.09.2014) vart Olav H. Hauge-senteret i Ulvik offisielt opna

VIDEO: I dag vart Olav H. Hauge-senteret endeleg offisielt opna. (Foto: Tim Christian Wassmo, reporter: Egil Torheim)

– Hauge-senteret er så mykje forskjellig. Det er sjølvsagt ei utstilling om Hauge sitt liv og sine verk, men vi fortel dei på ein ny måte, seier dagleg leiar for Hauge-senteret Geir Netland.

I dag vart Olav H. Hauge-senteret i Ulvik offisielt opna. Slagordet til senteret er «store opplevingar på små flater». For basisutstillinga er på berre 140 m² fordelt på sju rom, medan resepsjon, butikk og kontor utgjer om lag 90m2. Likevel meiner Netland at museet har mykje å by på.

Hauge

KJEND LYRIKAR: Olav H. Hauge er ein av Noregs fremste norske lyrikarar i etterkrigstida.

Foto: Hauge-senteret sitt arkiv

– Ein kan oppdaga litteraturen og livet til Olav H. Hauge. Du finn dikt og lyrikarar som Hauge har blitt inspirert av og i tillegg historia til dei som har blitt inspirert av han sjølv, seier Netland.

Hauge-senteret er lokalisert i heradshuset i Ulvik i Hardanger. Senteret er til heider for den norske lyrikaren og gartnaren Olav H. Hauge. Hauge er ein av Noregs fremste norske lyrikarar i etterkrigstida, kjend som både klassisist og modernist.

På opningsdagen var det eit tettpakka program, med blant anna poesibil, poesibåt og ikkje minst ei offisiell opningshøgtid.

– «Eg vonar dette ikkje berre blir eit senter, men rett og slett eit kraftsentrum for poesi og for litteratur. Med det vil eg erklæra Hauge-senteret for offisielt opna», sa Sigmund Løvåsen, leiar i Den norske Forfattarforeininga, då han opna senteret i dag.

Mykje nytt

Då utstillinga i senteret vart laga, fann dei tilsette mange nye og spennande ting om Hauge.

– Då vi jobba til dømes med boksamlinga til Hauge, fann vi ein utklippsbok som var frå 30-talet. Her har Hauge i læreboka i Botanikk limt over lyrikk som han fann i aviser og tidsskrift. Så det viser at det var ein konflikt mellom gartnaren Hauge og diktaren og den litteraturinteresserte Hauge, seier Netland.

Olav H. Hauge

HEIDRA: Olav H. Hauge er blitt heidra med eige senter.

Foto: Egil Torheim

– I tillegg har vi ein katalog med bøkene til Hauge som han kalla «mi eige». Her har han katalogisert heile boksamlinga si frå 1961 til hans siste dagar. Det er ein flott oversikt over den rikhaldige boksamlinga som publikum no kan få sjå i senteret, forklarar den daglege leiaren.

– Kven skal bruka Hauge-senteret?

– Vi skal jobba aktivt mot skular i forhold til formidling og det skal passa alle aldersgrupper. Vi legg også til rette for opplegg for ulike klassetrinn, men i utgangspunktet skal det vera eit opent formidlingssenter og museum for folk som kjem til Ulvik og som har lyst å vita meir om Hauge, seier Netland.

Tilgjengeleg for forsking

Senteret skal også arrangera kulturarrangement for innbyggarane i regionen. Dei vil både halda på med aktiv formidling og samtidig vera eit museum. I tillegg vil dei leggje til rette for meir forsking.

– Ja, vi skal byrja å jobba endå nærare med både boksamlinga og forfattarskapen til Hauge. Vi har også tenkt at boksamlinga skal vera tilgjengeleg for forsking og forfattarar. Kanskje vi sal til og med få til ein gjestebustad-ordning, men det ligg lenger fram i planane, men det er noko vi jobbar med, seier Netland.