Hopp til innhold

Olav frå Luster er Årets unge bonde

Olav Høyheim Einan frå Luster er Årets unge bonde 2018. Kåringa skjedde under Agroteknikk-messa på Lillestrøm laurdag.

Olav Høyheim Einan og Bård Hoksrud

ÅRETS UNGE BONDE: Olav Høyheim Einan saman med landbruks- og matminister Bård Hoksrud (Frp) under kåringa.

Foto: Espen Solli

– Det har vel kanskje ikkje heilt gått opp for meg enno. Men det er svært kjekt berre det å verte nominert og det å få vere med på arrangementet og å møte tidlegare vinnarar og landbruksministeren, seier Einan.

Årets unge bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald’s Noreg og Felleskjøpet Agri. Målet med kåringa er å auke rekrutteringa til norsk landbruk og sette fokus på produksjonen av norsk kvalitetsmat.

Den 29 år gamle sauebonden frå Luster vart røysta fram blant heile 311 nominasjonerte.

– Det er inspirerande å vinne ei slik kåring. Det er alltid kjekt å verte sett pris. Akkurat kva det vil få å seie i kvardagen veit eg ikkje heilt, seier Einan.

Flott representant for norsk landbruk

29-åringen fekk blant anna skryt av juryen for sin landbruksfaglege kompetanse, langsiktige og framtidsretta fokus, allsidigheit og evne til risikospreiing gjennom etablering av nye driftsområde. Han vert trekt fram som ein svært god representant for den vanlege, norske bonden og som eit føredøme til inspirasjon.

– Olav driv allsidig og meistrar alt frå dyrehald og beitedrift til mekanikk, tømmerhogst, snikkarverksemd og kontorarbeid. Han er ein svært god representant for norsk landbruk som syner kor viktig og meiningsfylt bondeyrket er, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud i ei pressemelding.

Sau og jordbær

Olav Høyheim Einan

HOGST: Om vinteren brukar Årets unge bonde mykje tid i tømmerskogen.

Foto: Felleskjøpet Agri

Heime i Luster har Einen i dag 170 vinterfôra sauer i tillegg har han også byrja å satse litt på jordbærdyrking.

– I tillegg så driv eg med litt andre småting også. Eg er blant anna i skogen om vinteren. Både hjå meg sjølg og andre. Der høgg eg skog som ein ikkje kan ta ut med hogstmaskiner. Så med litt forskjellig frå dei ulike sesongane så har ein klart å skaffa seg eit levebrød, seier Einan.