Hopp til innhold

Olaug Nilssen mot Mira Craig

I kamp mot Mira Craig, Kari Traa og Farmen-Barbro skal 28 år gamle Olaug Nilssen frå Førde kjempe om å bli årets norske rollemodell.

Mira Craig.
Foto: Håkon Mosvold Larsen, Larsen, Håkon Mosvold

Olaug Nilssen.
Foto: NRK

I fjor gjorde Olaug Nilssen stor suksess med boka "Få meg på, for faen". Tidlegare i år heldt ho hovudtalen på 100-årsjubileet til Noregs Mållag. No har bladet Det Nye plukka ut Olaug som ei av åtte kvinner som skal konkurrere om å bli årets rollemodell.

-Eg er febrilsk redd for å komme på sisteplass, seier den 28 år gamle forfattaren. Ho er spent på korleis det vil gå i konkurransen mot sju sterke konkurrentar. Ho har allereie sendt ut meldingar til vener og kjende og bede dei pent om å stemme på ho.

Åtte fine damer

Inga Marte Thorkildsen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Olaug skal konkurrere mot artisten Mira Craig, kulekøyrar Kari Traa, tidlegare reality-deltakar Barbro Fagerbakk, Idol-programleiar Solveig Kloppen, NRK-programleiar Christine Koht, redaktør og forfattar Martine Aurdal og SV-politikar Inga Marte Torkildsen.

- Du er i godt selskap?

- Ja, det er fine damer alle saman. Viss eg ikkje skulle vore med sjølv, hadde eg stemt på Martine Aurdal, Solveig Kloppen eller Inga Marte Torkildsen. Alle dei er nokon som eg ser opp til, seier Olaug Nilssen.

- Kva betyr det for deg å vere med i kåringa?

- Eg er glad for å bli spurt. Det er ei anerkjenning. Det syner at det eg har gjort det siste året er verdig til å vere med i denne kåringa.

- Dødsflaut

Kari Traa
Foto: Morten Holm / Scanpix

- Kva er det som gjer at du er ein god rollemodell?

- Det nektar eg å svare på. Fleira har spurt meg om det, men det er jo berre heilt dødsflaut å svare på. Eg kan jo ikkje argumentera sjølv for kvifor eg er ein god rollemodell. Det må andre gjere.

- Kanskje du er valt på grunn av boka "Få meg på, for faen" og at du har stått på for nynorsken?

- Det er jo ikkje alle som synast det var ei viktig bok. Eg veit ikkje, eg synest berre det er veldig flaut å svare på spørsmålet. Reporteren i Det Nye skulle lage ein presentasjon av meg, og meinte at eg burde jo ha nok sjølvtillit til å kunne seie kvifor eg burde vinne. Eg har sjølvtillit i det eg gjer, men målet er ikkje å ha ein glorie rundt hovudet, seier Nilssen og ler.

Drøymer om 1.plass

Christine Koht
Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Men sjølv om ho prøver å seie at ho ikkje tek kåringa så altfor høytideleg, har ho byrja å leike med tanken om å stå øvst på pallen.

- Viss eg skulle vinne, vil det vere ein anledning til å utbrodere det eg meiner noko om. Det vil verte eit stort oppslag i bladet.

Og Nilssen veit kva ho ville brukt den spalteplassen til.

- Etter at eg har blitt eldre og meir avslappa så skjønnar eg at det  ikkje berre er eitt skjønheitsideal. Det handlar ikkje berre om at du skal ha ein kropp som dei du ser i vekeblada. Dei folka du blir glad og synes er vakre er jo stort dei som er engasjerte og ivrige og som er glade i deg tilbake igjen. Då har det så utruleg lite å seie korleis kroppen din ser ut, og det trur eg eigentleg alle veit.