Vart angripen med øks – måtte vente ein time på ambulanse

Ambulansen tok ikkje sjansen på å nærme seg huset der ei kvinne var angripen med øks. – Forstår at ventetida er frustrerande i ein slik situasjon, seier Helse Førde.

Politibil i Askvoll

– FRUSTRERANDE: Pårørande til den angripne kvinna, er frustrert over kor lang tid det tok før dei fekk hjelp.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Natt til tysdag vart to kvinner i 60-åra angripne med øks i eit hus i Askvoll. Ei av kvinnene vart hardt skadd, og fekk skader i både arm og i hovudet.

Ho har vore innlagt ved Førde sjukehus heilt sidan.

No reagerer svigerdottera kraftig på kor lang tid ambulansen brukte på å hente svigermora.

– Det var ganske frustrerande. Eg syns dei kunne agert mykje raskare, seier ho.

– Det var blod, ho fraus og vi visste ikkje kor alvorleg det var. Då føler du deg hjelpelaus.

Politiets operasjonssentral vart varsla om hendinga kl. 0404. Første politipatrulje frå Førde vart send mot staden like etter.

Reisevegen til Askvoll gjorde at dei brukte meir enn ein time på å ta seg fram til bustaden. Politiets vaktjournal viser 05:16, men avvik gjer at det kan ha vore litt tidlegare.

I mellomtida tok ambulansen, som hadde kortare reiseveg, ikkje sjansen på å nærme seg huset.

– Dette var ein situasjon der våre rutinar tilseier at vi skal vente på politiet, seier Terje Ulvedal, kommunikasjonssjef i Helse Førde.

– Hadde klart å ta hand om han

– Så farleg var det ikkje, kvitterer svigerdottera.

– Vi var fire vaksne personar her, vi hadde klart å ta hand om han (den no sikta 19-åringen, jour.anm.) om vi måtte det.

Ho legg til at gjerningsmannen sjølv kontakta politiet, og politiet bekreftar at 19-åringen på eige initiativ ringde politiets operasjonssentral.

– Ikkje ei PLIVO-hending

Stabssjef Kjetil Øyri i Vest politidistrikt seier det er ein hovudregel at politiet skal sørge for tryggleik for naudetatane i oppdrag der det er våpen involvert.

Han presiserer likevel at ambulansetenesta sto fritt til å gjere sine eigen skjønnsvurdering i dette konkrete tilfellet.

– Dette er ikkje definert som ei PLIVO-hending (pågåande livstrugande vald), og da er det ein klar moglegheit for dei andre naudetatane å vurdere eigen tryggleik for eigen innsats. Det er òg ein vurdering dei kunne gjere i dette oppdraget.

Ved ei PLIVO-hending, der det vert nytta skytevåpen, skal Helsepersonell tre tilbake og ta omsyn til politiet. Når for eksempel kniv eller øks blir brukt, så kan brann/helse sjølv vurdere risikoen med å gå til innsats, dersom politiet ikkje er først på staden.

– Høyrde at han hadde øks

– Uansett om det heiter PLIVO eller ikkje, har vi eit sjølvstendig ansvar for å vurdere tryggleiken til vårt helsepersonell. Informasjonen vi hadde var at gjerningsmannen hadde øks, seier Terje Ulvedal i Helse Førde.

Han seier at dei vurderte dette som ein uavklara situasjon der våpen var involvert, og at det kunne vere ein fare for personell dersom dei gjekk inn.

– Men vi har stor forståing for at ventetida er frustrerande i ein slik situasjon, legg han til.

Sidan brannvesenet er lokalt organisert har de gjerne kortare responstid enn politiet.

Loggen hos alarmsentralen viser at lokale brannfolk vart kontakta av politiet klokka 04.42.

– Må prise oss lukkelege

To bilambulansar var framme ved huset klokka 05.02. I påvente av politiet var det då kommet brannfolk på staden.

Ein halvtime seinare letta luftambulansen med den skadde kvinna, og landa ved Førde sentralsjukehus ca. kvart på seks.

Skadane var ikkje livstrugande.

– Vi må prise oss lukkelege over at det ikkje vart meir alvorleg, seier svigerdottera.