Hopp til innhold

Økologisk skule får ikkje pengar

Regjeringa har no sagt endelege nei til å løyve pengar til opprusting av Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland

Sogn jord- og hagebruksskule

FRÅ IKKJE PENGAR: Sogn jord- og hagebruksskule får ikkje pengar til nytt skulebygg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skulen med 12 elevar treng 50 millionar kroner til nytt skulebygg. Måndag denne veka møtte fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) kunnskapsminister Kristin Halvorsen som sa at det ikkje var aktuelt med pengar frå deira sida.

Kjelsnes er naturleg nok svært skuffa over avslaget.

– Det var ikkje det svaret eg likte å få. Men det var greitt å få klar tale, for då veit vi kva vi har å halde oss til. No må vi jobbe vidare på andre måtar, seier ho.

Skuffa over avslaget

Bjørg Fritsvold

Rektor Bjørg Fritsvold er skuffa over avslaget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste fulløkologiske skulen i landet. Bygningane er frå rett etter krigen og skulen treng 50 millionar kroner til eit nytt hovudbygg.

Rektor Bjørg Fritsvold har tidlegare sagt at det ikkje er grunnlag for å drive skulen vidare om dei må vere i dei gamle bygga.

– Vi er skuffa over avslaget frå Kristin Halvorsen, sjølv om ho hadde ei logisk grunngjeving for å seie nei, seier rektor Fritsvold.

– Du har tidlegare sagt at det ikkje er haldbart å drive i bygningar frå like etter krigen. Betyr dette svaret frå Halvorsen at de må stengje skulen?

– Slike tankar har ikkje eg. Det står jo i saksutgreiinga at fylkeskommunen løyvde 30 millionar kroner og at det måtte jobbast med å få inn 20 millionar kroner til. Tanken var å få til eit spleiselag, der staten og Aurland kommune kunne vere aktuelle partnarar.

Trur kommunen blir utfordra

Noralv Distad, ordførar Aurland kommune

Ordførar Noralv Distad trur kommunen blir utfordra.

Foto: Margunn Tolleshaug, Aurland kommune

Ordførar Noralv Distad (H) seier han reknar med at kommunen blir utfordra no når staten har sagt nei. Han er open for å at kommunen skal kunne bidra økonomisk, men vil ikkje vere konkret på kor mykje av dei siste 20 millionane dei kan legge på bordet.

– Det er ikkje rett for oss å gå ut med nokre summar no. Vi må sjå kva vi blir utfordra på og skal vi vere ein konstruktiv samarbeidspartnar med fylkeskommunen, seier Distad.