– Bombene gjekk av like ved der eg sto

Øistein Strømme var akkurat komen i mål etter maratonløpet i Boston. Plutseleg small to store bomber der han hadde sprunge berre minutt tidlegare.

Øistein Strømme, bombene i Boston

MIDT I DRAMAET: Øistein Strømme frå Bergen var like ved då bombene gjekk av. – Det er skremmande at slikt kan skje, seier 45-åringen.

Foto: Privat/Charles Krupa/Ap

– Eg var i målområdet, og var på veg for å hente bagasjen min då eg høyrde det small. Eg snudde meg og såg ei stor, svart røyksky. Då small det endå ein gong, fortel Strømme.

Berre minuttar tidlegare hadde Strømme passert staden der bombene gjekk av.

Sjå bileta frå Boston her.

Kaos i målområdet

– Det var skremmande. Slike ting kan skje når som helst og kvar som helst, men det er veldig spesielt når det skjer ein stad ein sjølv er, seier Strømme.

Strømme høyrde smella, og såg røyken. Menneska rundt han sprang for å kome seg vekk. Det var fullstendig kaos i målområdet.

– Med ein gong trudde eg det var ein gasseksplosjon eller noko slikt. Vi blei bedt om å trekkje vekk frå området og bort i ein park. Eg har snakka med folk som fortalde at dei blei rent ned av menneske som sprang vekk frå området i alt oppstyret, seier Strømme.

Fekk SMS frå Norge

Framleis var ikkje Øistein sikker på kva som gjekk føre seg. Han sendte meldingar med ein ven heime i Norge, som kunne fortelje han at det truleg var to bomber.

– Det var mange som snakka saman og lurte på kva som eigentleg hadde skjedd. Då fekk eg meldinga frå Norge. Det sto at to bomber hadde gått av. Eg tenkte ikkje den tanken ein gong, fortel Strømme.

Førebels er tre omkomne og over hundre menneske meldt skadde etter bombene i Boston. Ingen av dei 30 nordmennene som var med i løpet er førebelse meldt skada.

Det kvite hus kallar eksplosjonane ei terrorhandling.

Har ikkje fått skrekken

45-åringen synest hjelpa har vore god etter eksplosjonane.

– Folk har vore veldig hjelpsame. Her har heller ikkje vore noko panikkstemning. Vi har følgt råda frå politiet og det har fungert bra, seier Strømme.

Sjølv om Strømme synest opplevinga var skremmande, har han ikkje tenkt å slutte å delta på store idrettsarrangement.

– Eg kvir meg ikkje på å melde meg på nye løp med mange deltakarar og store folkemengde. Eg arbeider i luftfart, og vi snakkar om dette kvar dag. Slike ting skjer, og vi kan ikkje la vere å leve, seier Strømme.