
Statsadvokat Jan Hoel
-Dei prinsippielle sidene ved denne paragrafen er viktigare enn sjølve dommen, slik den er i dag. Difor ankar vi til lagmannsretten, seier Hoel.
Forsvararen til ein av dei tiltalte i Beheim Karlsen-saka, Knut Storberget, var innstilt på å ikkje anke dommen i Indre Sogn Heradsrett. Men når Statsadvokaten gjer dette til ei prinsippsak, må vi slå tilbake med full kraft, seier Storberget. Han ankar no både på skuldspørsmålet og straffeutmålinga.