Hopp til innhold

Offensiv Bremanger-rådmann

Bremanger sin nye rådmann vil gjere store endringar i kommunen som vart råka av Terra-skandalen.

Tom Joensen

Bremanger sin nye rådmann Tom Joensen.

Foto: Privat

- Her er kjempemoglegheiter og vi ligg midt i grautfatet der det er opp til oss sjølve kva vi vil få til. Vi har nokre motorar i det lokale næringslivet som kan skape positiv utvikling i tida framover. Då er det svært viktig at kommunen heng med i svingane, seier Tom Joensen som er tilsett som ny rådmann i Bremanger kommune.

- Stor utfordring

Kommunen har slite med å finne ein ny rådmann etter Terra-skandalen som råka kommunen. Bremanger tapte kring 200 millionar kroner på Terra-investeringane. Utfordringa å få kommunen på beina att, var ei av årsakene som gjorde at rådmannen takka ja til stillinga.

- Det var utfordringa som ligg i sjølve kommuneorganisasjonen som trigga mest. Eg skal vere forsiktig med å lansere noko før eg har starta i jobben, men eg vil gjere nokre grep i organisasjonsstrukturen, seier den nye rådmannen.

Tydlegare leiing

- Dagens ordning er for flat og stiller svært store krav til leiing å få til å fungere som heilheit. Eg har ikkje noko fasitsvar enno. Dette er prosessar som må gå, og min jobb er å få i gang prosessen, seier han.

- Kjem vi til å sjå ei tydlegare leiing i framtida?

- Ja, det trur eg vi kan rekne med, seier han.

Joensen har tidlegare arbeidd som personalsjef i kommunen i perioden 1990-1999. Årsaka til at han slutta i 99 var at han ville ha nye utfordringar.

- Stor fallhøgde

- Eg var klar for nye utfordringar og helte mot det private næringslivet. Og no ser eg heilt klart kor viktig kommunen er når det gjeld å få prosessane til å gå saman med næringslivet, og drive smertefritt. Så no var spørsmålet om eg skulle stå på utsida å kritisere, eller bidra til å skape utvikling. Eg valde det siste, seier han.

- Eg er klar over at fallhøgda er stor, og er innstilt på å bruke mine ressursar. Eg er rimeleg sikker på at vi skal få til noko, smiler han.