Hopp til innhold

- Det er rein valdtekt av fjorden

Leiar i Miljøvernforbundet, Kurt Oddekalv, rasar mot planane som vil doble mengda med oppdrettslaks i Sognefjorden.

kurt oddekalv

- Eg er berre ein vanleg norsk borgar, men eg ser kva som skjer, seier leiar i Miljøvernforbundet, Kurt Oddekalv.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Oddekalv meiner innbyggjarane rundt fjorden må seie eit klart nei til nye oppdrettsanlegg.

- Dette er rein valdtekt av heile Sognefjorden. 70 000 tonn - du kan berre drøyme om å fiske ein fisk som ikkje er påverka av oppdrett etter at dette er kome inn, tordnar han.

Fører til dobling

Samla vil dei nye søknadane som ligg på bordet utgjere ein auke frå dagens 31 000 tonn oppdrettslaks i Sognefjorden.

Mellom anna ynskjer selskapet Sjøtroll Havbruk, med base i Austevoll i Hordaland, starte oppdrett i Gulen, Hyllestad, Høyanger og Fjaler.

- Dei øydeleggjer rett og slett livskvaliteten til folk som er i området. For nokre betyr det også økonomisk tap i form av at villaksen og sjøauren forsvinn, rasar Oddekalv.

Spreier lakselus

- Og dei som eventuelt har lagt seg inn i elvane og bygd opp ei lita turistnæring for å overleve, slik som i Lærdal, dei vil miste det lille dei har att, legg miljøvernleiaren til.

Medan Oddekalv fryktar at heile fjorden vil bli øydelagd, fryktar Direktoratet for Naturforvaltning at dei nye anlegga kan føre til kraftig spreiing av lakselus.

Etterlyser dokumentasjon

Regiondirektør i Havbruksnæringens landsforeining på Vestlandet, Hans Inge Algerøy, fnys av kritikken frå Oddekalv.

- Oddekalv er ingen miljøvernar. Han er ein som driv hets og motstand mot oppdrettsnæringa. Han har vi inga tru på. Han viser heile tida til at han kan dokumentere ting, men når det kjem til stykket og vi spør kvar dei rapportane er, så viser han dei ikkje. For dei har han ikkje, seier han.

- Fører ikkje til spreiing

- Vil ikkje dette føre til meir spreiing av lakselus i Sognefjorden?

- Nei, dette vil ikkje føre til noko meir spreiing av lakselus, meiner Algerøy.

- Dei har skite full heile Hardangerfjorden og øydelagt den med lakselus og rømming. No skal dei opp å øydeleggje Sognefjorden, svarar Oddekalv.