Oddbjørn vakna av brann for tredje gong

I natt arresterte politiet ein mann, mistenkt for å ha tent på fjøset til Oddbjørn Djønne. Det er tredje gong han opplever brann i år. – Eg prøver å tenke minst mogleg på det, seier han.

Oddbjørn Djønne

TRE BRANNAR SIDAN JUNI: Oddbjørn Djønne orkar ikkje tenkt for mykje på kva som kan vere årsaka til at nokon har tent på bygningane hans. – Det er berre til å øydeleggje seg sjølv på, seier han.

Foto: Tale Hauso / NRK

Politiet har arrestert ein mann for eldspåsetjing på Djønno i Hardanger i natt. Oddbjørn Djønne bur på garden og vakna av lyden frå brannvarslingsanlegget.

LES OGSÅ: Mann pågripen mistenkt for eldspåsetjing

brann djønno

4. JULI: Her brenn ein einebustad og tre naust ned på Djønno i Hardanger, 4. juni. Einebustaden som blei reist på staden etter brannen blei tent på 17. oktober.

Foto: Egil Torheim
Njål Hope

22. OKTOBER: Kriminalteknikar Njål Hope undersøker fjøsen etter brannen i natt. – Her har nokon tent på, seier han.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Brannalarmen gjekk og kjerringa stod opp for å skru den av. Men det var litt vanskeleg, for han kom berre på att. Så heiv ho på seg ein kjeledress og sprang ut. Då kjende ho røyklukta, seier Djønne.

24 sauer var inne i fjøset då det brann i natt. Då kona til Oddbjørn kom for ut for å sjekke kva som hadde sett i gong alarmen, såg ho flammane mellom lamma som stod i gardane sine.

Familien fekk sløkt brannen, utan at dyr eller bygning kom til skade.

– Å tenke på det er berre å øydelegge seg sjølv

Dette er ikkje fyrste gongen han opplever brann på nært hald. 4. juni i år vakna han av knitring frå flammar. Huset han og broren hadde bygd til mora stod i full fyr, saman med tre naust like ved.

Djønne bygde på ny opp kårhuset den 81 år gamle mora skulle flytte inn i. Men 17. oktober tok ein ny brann tak i huset, og brann ned til grunne for andre gong.

LES OGSÅ: – Må finne ut hvem som vil oss til livs

I natt byrja det brenne nok ein gong. Denne gongen i fjøset på garden til Oddbjørn Djønne og kona. Ein mann blei like etter pågripen og mistenkt for eldspåsetjing. Djønne orkar ikkje gruble for mykje over kvifor nokon vil setje fyr på fjøset deira.

– Eg prøver å tenke minst mogleg på det. Å tenke og fundere på det er berre til å øydeleggje seg sjølv på.

Oddbjørn Djønne

TRE BRANNAR: Oddbjørn Djønne har no vore vitne til at det har byrja brenne tre gonger i hus på eigedomen hans.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ein mann er pågripen for eldspåsetjing

Bjørn Inge Aarsand

Bjørn Inge Aarsand i politiet.

Foto: Egil Torheim / NRK

Politiet arresterte i natt ein person mistenkt for eldspåsetjing, etter at familien som bur på garden observerte ein mann på området.

Aarsand stadfestar at politiet ser ein samanheng mellom brannen i natt og brannane i kårhuset og nausta til Oddbjørn Djønne i juni og oktober.

– Den arresterte mannen er tidlegare avhøyrt som vitne til dei tidlegare brannane. Han har vore på lista vår over personar me ønskjer å snakke meir med, seier etterforskingsleiar Bjørn Inge Aarsand.

Den arresterte mannen har forklart seg til politiet, men Aarsand ønskjer ikkje å kommentere kva som har komme fram i avhøyra enda. Etterforskinga held fram utover dagen i dag.

– Det kan sjå ut som at me står framfor eit gjennombrot i etterforskinga av brannane og den situasjonen som har rådd på Djønno i ein periode. Det er veldig godt for folka der ute, seier Aarsand.

– Her har nokon sett fyr på høyet

Kriminalteknikarar har undersøkt fjøsen det byrja brenne i natt.

– Her er det nokon som har sett fyr på høy. Ein mann blei jo observert her i natt. Me har prøvd å dokumentere kor langt borte han stod, og kva som har skjedd, seier, kriminalteknikar Njål Hope.

– Me ser svært alvorleg på denne saka. Spesielt med tanke på at det var dyr i fjøset.

Mannen som er pågripen skal i fleire avhøyr i løpet av dagen. Oddbjørn Djønne er glad for at politiet har arrestert nokon for eldspåsetjinga.

– Det trur eg gjelder heile grenda. Ikkje minst dei som bur nærmast dei to brannane som har vore påtent tidlegare, seier han.

LES OGSÅ: – Eg tenkjer på kor mykje arbeid gutane mine har lagt i huset