– Me gjer veldig mykje her. Me tar oss av søknadar, inndraging og lagerføring av våpen hjå alle forhandlarar i Hordaland, seier Kjersti Eitrheim ved våpenkontoret i Odda.
Dei har allereie ansvaret for all våpenregistrering i heile Hordaland.
- LES OGSÅ:
For å få fleire arbeidsplassar og utvida kompetansen i Odda, har kommunen no sendt inn forslag til departementet om å få eit nasjonalt våpenregister til Odda.
VÅPENKONTOR: Kjersti Eitrheim og Frank Knudsen ved våpenkontoret i Odda får inn mykje forskjellig våpen. Mykje kjem får dødsbu og får folk som har mista våpenløyve sitt.
Foto: TALE HAUSO / NRK– Har kompetansen
– Me er mellom dei distrikta som har mista mange arbeidsplassar. Difor har me sett ned eit statleg utval som jobbar med ulike moglegheiter. Me ser for oss at dette er eit kompetansemiljø me har her kan utviklast til å bli eit nasjonalt miljø, seier ordførar i Odd Roald Aga.
Ei sentralisering er ikkje naudsynt meiner han.
– Dette er arbeid som like godt kan gjerast i Hardanger som i Oslo. Me har den kompetansen som trengst..
Lurt med nasjonalisering
– Det er ein veldig spennande ide som kan vera veldig positiv for lokalsamfunnet og politiet generelt, meiner Lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik.
Han trur er nasjonalisering av våpenregisteret han vera nyttig
– Me har god erfaring med våpenhandsaming her. Eg ser mange positive effektar med eit nasjonalt register, eg trur det er litt å henta på kvalitet og likebehandling i landet.
ARBEID: Ordførar i Odda, Roald Aga Haug, meiner ein må få fleire arbeidsplassar ut i distrikta.
Foto: TALE HAUSO / NRKI samtalar med departementet
Justisdepartementet har mottatt planane til kommunen og er positive til forslaget.
– Me ser positivt på den type initiativ for det gjev oss moglegheit til å finna gode og fornuftige løysingar, seier statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Vidar Brein-Karlsen.
No skal kommunen og departementet møtast for å diskutera forslaget vidare.
SPENNANDE: Lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik, trur eit nasjonalt register kan vera ei god løysing.
Foto: TALE HAUSO / NRK