Odda satsar på litteratur

Kultureliten var til stades då Litteraturhuset i Odda i dag blei opna. Det er det andre litteraturhuset her til lands.

Video db6e538a-920a-4e1b-8467-98312b28e4fa.jpg

Åpning av Litteraturhus i Odda

Det er det gamle garderobebygget til arbeidarane i Odda som er blitt omgjort til eit hus for litteraturen.

Den vesle byen er splitta i synet på kva som skal skje på den gamle smelteverkstomta, men ei stasing på litteratur har innbyggarane stått saman om.

– Me har satsa mykje på litteratur dei siste 10 åra. Det har kasta veldig mykje av seg, seier Marit Eikemo, leiar for Litteratursymposiet i Odda.

Litteraturhuset vil innhalda både lyttedusjar, kultursalar og bokutsal.

Vigdis Hjort var ein av fleire forfattarar som var med på opninga. Ho meiner Odda kan vera ein inspirasjon for andre små byar.

– Det har veldig stor betyding at små stadar satsar så mykje på kultur. Her ser me at veldig mange er involvert, og det pregar heile lokalsamfunnet, seier Hjort.