Hopp til innhold

Odd Stubhaug fekk fortenestemedalje i sølv

Mangeårig sokneprest Odd Stubhaug frå Florø fekk i dag utdelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Odd Stubhaug fekk Kongens fortenestemedalje i sølv

Odd Stubhaug fekk laurdag utdelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Foto: Håvard Stubhaug

Tildelinga skjedde under årets første framsyning av Kinnaspelet på Kinn. Eit historisk skodespel som Stubhaug sjølv har æra for at kom i stand.

Sjølv ante han ingenting

- Eg vart jo tatt fullstendig på senga då dei plutseleg skulle gje meg denne utmerkinga, eg ante ingenting om det, seier Odd Stubhaug.

Han skulle sjølv fram på scena for å fortelje publikumarane på Kinnaspelet om kva andre ting ein kunne gjere på øya Kinn då han vart dytta til side. Både ordføraren og rådmannen i Flora hadde tatt turen for å dele ut medaljen.

- Vi var veldig glade for å kunne få dele ut Kongens fortenestemedalje i sølv til nettopp Odd Stubhaug, seier Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal.

- Har gjort eit enormt arbeid

Bente Frøyen Steindal deler ut medalje til Odd Stubhaug

Det var Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal som fekk dele ut Kongens fortenestemedalje i sølv til Odd Stubhaug.

Foto: Håvard Stubhaug

I grunngjevinga får Stubhaug mellom anna ros for arbeidet han har gjort for å Kinnaspelet i gang.

- I tillegg har han vore i ei rekkje prestestillingar sidan 1970. Og han har også hatt ei rekkje verv i politikken, mellom anna som formannskapsmedlem og bystyrerepresentant i ei årrekkje i Flora kommune, seier Frøyen Steindal.

Stubhaug har også vore varaordførar i kystbyen i perioden frå 1995 til 2003. Og 30 gongar har han hatt ansvar for den årlege TV-innsamlinga i byen.

- Odd Stubhaug er ein mann som har gjort eit enormt arbeid opp gjennom åra, seier Frøyen Steindal.

- Det er klart ein vert audmjuk når ein får ei slik utmerking. Men eg har aldri tenkt at det eg har gjort skulle føre til ei slik medalje. Alt eg har gjort har eg gjort fordi eg har hatt engasjement for det, og eg sjølv har hatt glede for det, seier Stubhaug.