Hopp til innhold

Oda har grunn til å smile – andre fysioterapeuter må jobbe gratis

Oda hadde flaks. Ho er den einaste fysioterapeuten som får betalt. Regjeringa vil framleis ikkje hjelpe medstudentane.

Oda Sodefjed Tørnkvist

TRAKK VINNARLODDET: Det å få betalt for jobben du gjer verkar kanskje openbart. Men Oda Tørnkvist er den einaste, blant om lag hundre fysioterapistudentar, som får løn det året dei må jobbe i turnusteneste.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Eg veit ikkje heilt korleis dei andre finansierer det. Men fleire har nok teke opp forbrukslån eller får litt støtte frå Nav, seier Oda Sodefjed Tørnkvist.

Ho er ein av rundt hundre norske fysioterapistudentar som fekk ei sjokkmelding under studiet i Danmark.

Du vil ikkje få autorisasjon i Noreg når du er ferdig utdanna, var meldinga.

– Det følast veldig urettferdig. Det var ikkje utgangspunktet då vi starta, seier ho.

Har ikkje krav på ei einaste krone

I februar 2020 blei reglane for det nordiske samarbeidet endra.

Grunnen var klage frå andre EU-land, seier Stian Engen i Fysioterapiforbundet.

– Det er svært beklageleg at endringane kom midt i studieløpet.

I ein e-post til NRK skriv statssekretær i Helsedepartementet, Karl Kristian Bekeng, at EØS-regelverket ikkje opnar opp for ei særskild ordning.

– Det er ein risiko å velge utdanning i utlandet. Regelverket kan fortløpande bli endra i både EU og i Noreg.

Dermed må alle som kjem frå utlandet ha eitt år i turnustjeneste. Dette året har dei ikkje krav på ei einaste krone. Til samanlikning får dei som har studert i Noreg 90 prosent av grunnløna under praksis.

Ingen arbeidsgjevarar er pålagde å gi studentane frå Danmark jobb.

Helene

JOBBAR GRATIS: Medstudent Helene Bårdsen har teke fatt på turnusåret i Grimstad. Der jobbar ho gratis for kommunen. – Ein kan jo seie at eg har vore så «heldig» at Nav går inn og støtter meg med 411 kroner dagen.

Foto: Mathias Hamre / NRK

Laga ei eiga stilling til Oda

I Sunnfjord kommune har det lenge vore mangel på fysioterapeutar grunna sjukemeldingar. Då krisa var størst, måtte dei få inn vikar på kort varsel.

Einingsleiaren for fysio/ergo-tenesta, Marita Brandsøy Lystad, tok før jul kontakt med studentane i Danmark. Kan nokon kome på kort varsel til den vesle staden Skei i Vestland?

Då Oda svarte på utfordringa, kasta Lystad seg rundt og utvida vikariatet til ei turnusstilling på seks månadar.

– Eigentleg hadde vi berre eit vikariat på tre til fire månadar, seier Lystad.

Dermed har Oda råd til å ta nye seks månadar ubetalt ein annan stad.

– Eg veit ikkje korleis eg skulle ha fått det til å gå rundt reint økonomisk utan dette tilbodet. Det er jo fysioterapeut eg vil jobbe som, seier Oda.

Oda Sodefjed Tørnkvist og Marita Brandsøy Lystad.

GOD RESSURS: – Vi er kjempe glade for å ha fått på plass Oda, seier Marita Brandsøy Lystad, einingsleiar i Sunnfjord kommune.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Trakk vinnarloddet

– Eg er så utruleg heldig. Dei fleste går berre og ventar, og prøver å finne nokon som vil ta dei imot, seier Oda.

Einingsleiar Lystad seier dei var heldige med at kommunen hadde ressursar til å betale Oda for jobben ho gjer.

– Eg har jo også full forståing for at mange kommunar ikkje kan ta seg råd til dette. Men vi hadde midlar, og det er flott å ha fått Oda på plass for å avlaste oss.