Hopp til innhold

Observert flammar ombord i båt

Klokka 16.40 skriv politiet på Twitter at det er observert flammar om bord i trebåten som ligg til kai ved Georgenes Verft i Bergen. Brannmannskap er i gang med sløkking. Det er ikkje meldt om personar om bord, og brannvesenet har ikkje observert nokon. I 16.50-tida blir det berre observert røyk frå båten, melder NRKs fotograf.