Hopp til innhold

OBS-varselet sprenger Yr sine diagram

Vêrvarslinga på Vestlandet har sendt ut OBS-varsel i Hordaland. Det er venta 60 millimeter regn i løpet av berre få timar i ettermiddag.

Elvebakken på yr

I Bergen er det venta heile 21 millimeter nedbør mellom klokka 12.00 og 13.00 i dag. Utover ettermiddagen skal nedbøren avta raskt.

Foto: Skjermdump

– Utover dagen ventar vi overflatevatn, flaum og fare for både jordskred og flaumskred, seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Tone Kristin Taule.

Meteorologen ber folk som ikkje må la vere å legg ut på vegane i indre og nordlege strøk av fylket.

Folk bør også følgje med på vêrradaren som ligg på varsom.no når himmelen opnar seg over Hordaland i ettermiddag. Mest nedbør er det venta frå litt ut på ettermiddagen og utover kvelden.

Dette OBS-varselet har Vervarslinga sendt ut i dag:

I dag, onsdag, lokalt mykje nedbør. I ettermiddag og kveld kan det lokalt kome 40–60 mm i løpet 6 timar. Fare for lokal flaum, små jordskred og/eller flaumskred der byene treff. Følg vêrradar og oppdatert informasjon på varsom.no.

Været

Lågtrykket kjem frå Skottland og fører med seg store mengder nedbør over vestkysten.

Foto: Yr.no / NRK

Fryktar ras

Det er i samråd med NVE at Vêrvarslinga har avgjort å sende ut OBS-varselet. Varselet gjeld frå Boknafjorden i sør til Sognefjorden i nord.

– Det er vanskeleg å vite akkurat kvar nedbøren blir verst. Det er difor vi ber folk vere merksame, seier Taule.

Les og: Ny klimarapport varslar meir intens nedbør for Hordaland i framtida

Det er indre strok og området opp mot grensa til Sogn og Fjordane som får den verste nedbøren.

– Det er snakk om ganske mykje nedbør, og vi forventar litt problem på vegane. Diverre fryktar vi at denne nedbøren også kan føre til nokre ras utover dagen, fortel meteorologen.

Også politiet ber folk ver merksame når nedbøren slår inn over fylket.

Laster Twitter-innhold

Vått i heile Hordaland

Trass i lågtrykket vil temperaturane halde seg rimeleg høge, og halde seg på rundt 16 grader.

– Det er også mogelegheit for tore. Heldigvis går det fort over, og i morgon blir det på langt nær like mykje nedbør. Likevel kan vi forvente at det held seg overskya, seier Taule.

Laster Twitter-innhold