Hopp til innhold

Øberg gir seg i Helse Førde

Etter snart sju år som styreleiar i Helse Førde, har Clara Øberg bestemt seg for å ikkje ta gjenval.

Clara Øberg

TAKKAR AV: Etter sju år som leiar i Helse Førde-styret, takkar Clara Øberg av.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Når nytt styre skal oppnemnast i februar, blir det utan Clara Øberg som styreleiar.

Ifølgje avisa Firda på sine Facebook-sider meiner styreleiaren at det no er rett tidspunkt for eit leiarskifte.

– Vi har gjort strategiprosessen vi sa vi skulle gjere, og viser til ein modell etter bestilling frå eigar som vi meiner er forsvarleg innan dei budsjettråmer vi har fått. Og eit tilbod vi meiner gir gode helsetenester innan den modellen, seier Øberg til NRK.no.

Angrar ikkje

– Då har eg gjort jobben og tenkjer at det kan vere greitt at andre dreg den skuta vidare, held Øberg fram.

Arbeidet med å tilpasse helsetilbodet til dei økonomiske råmen har dei siste åra gjeve både administrasjonen og styret i Helse Førde ei turbulent tid. I Nordfjord er misnøya så sterk at sjukehusaksjonen tek Helse Førde til retten i eit forsøk på å stogge nedlegginga av fødetilbodet og ortopedien.

Mykje av kritikken er blitt retta mot enkeltpersonar. Også styreleiar Øberg.

– Eg har site i sju år og angrar ikkje på det. Eg har vore styreleiar i eit lite føretak med mykje uro, og gler meg no til å få noko anna å gjere. For min del er vi komne til eit vegskilje, seier ho til NRK.no.

Tøff prosess

Øberg vedgår at det har vore ein tøff strategiprosess. Avgjerda om å takke av, tok ho nyleg.

Ho presiserer at uroa kring helseføretaket ikkje er mellom årsakene til at ho no ikkje tek gjenval.

– Det er klart at å vere styreleiar i Helse Førde har vore ei krevjande tid. Eg var ikkje budd på at det skulle bli så mykje personfokus. Det har til tider vore lite fokus på sak, men meir på person. Det har nok i periodar vore litt grenselaust, seier ho.

– Lykke til

– Samstundes har eg mange gode opplevingar frå det å vere styreleiar i Hels Førde. Eg er genuint interessert i dette og angrar ikkje på at eg tok vervet, seier ho.

No som Helse Førde går inn i ein gjennomføringsprosess der vedtekne endringar skal setjast i verk, meiner Øberg at tida er inne for å la andre kostar ta over leiarvervet i styret.

– Dei som trur det blir ope for omkampar trur eg skal tru om att. Det som står der, det står der. Ein del nordfjordordførarar er på glid med tanke på samarbeid med Helse Førde og eg trur det skal gå bra. Eg ynskjer min arvtakar lukke til og trur det skal gå bra, avsluttar ho.