Hopp til innhold

Pårørande var uroa. Då politiet kom fram, sa 40-åringen at han hadde drepe foreldra med kniv

Pårørande ringde ambulansen fordi dei var urolege for 40-åringen. Då dei kom fram, peika han ut kor foreldra hans låg døde etter fleire knivstikk.

Dobbeldrap på Kolltveit

ETTERFORSKAR DRAPA: Krimteknikarar har granska både utanfor og inni bustaden til ekteparet på Kolltveit på Sotra.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Ein 40 år gamal mann er sikta for ha drepe foreldra sine ved bustaden deira på Kolltveit på Sotra utanfor Bergen.

Politiet vart varsla på ettermiddagen torsdag 27. juni. Dei rykka ut til adressa og fann ekteparet Per Arne Ormehaug (67) og Siri Helen Johannessen (66) drepne på staden.

No er den førebelse obduksjonsrapporten klar.

– Begge døydde som følge av skader og forbløding etter fleire knivstikk, seier politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen til NRK.

Huset på Kolltveit der to personer ble funnet drept

BUSTADEN: Paret skal ha blitt drepne utanfor bustaden, og seinare flytta til garasjen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fann fleire knivar

Rapporten gir ikkje svar på noko nøyaktig dødstidspunkt, men politiet meiner drapet skjedde natt til torsdag.

Dei meiner dei har funne drapsvåpenet.

– Som ein del av den kriminaltekniske gjennomgangen i og rundt bustaden, har politiet sikra fleire knivar og meiner å ha kontroll på det som er brukt som drapsvåpen, seier Michelsen.

Sonen vart pågripen på staden etter at han forklarte politiet at han hadde tatt livet av foreldra sine. Ekteparet skal ha blitt drepne utanfor bustaden, og deretter lagt i garasjen. Sonen peika ut for naudetatane kor foreldra låg.

Politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen

TRUR DEI HAR DRAPSVÅPENET: Politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ingen spor etter kamp

I forkant skal han ha spylt oppkøyrselen framfor huset, slik at det ikkje var tydelege spor etter drap då politi og ambulanse kom til staden.

– Førebelse undersøkingar tyder på at dei vart drepne på plassen mellom inngangsdøra til huset og garasjen. Det er funne restar av blod på staden, trass i at oppkøyrselen er spylt, seier Michelsen, og legg til at politiet ha gjort fleire beslag inne i bustaden.

– Innandørs er det funne klede som tilhøyrer den sikta, som hadde spor av blod på seg.

– Fekk politi eller ambulanse naudanrop frå huset eller naboar natt til torsdag 27. juni?

Nei. Det er ingen spor eller teikn til kamp inne i bustaden. Vitne i nærleiken har høyrd skrik og skrål på natta, men har ikkje oppfatta at nokon har vore i fare. Vitne har tenkt at støyen kom frå ein fest, svarar Michelsen.

Politiet på Sotra, Kolltveit

UROMELDING: Politi og ambulanse rykka ut til bustaden på Kolltveit på Sotra, etter at pårørande leverte uromelding om den no drapssikta 40-åringen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Uromelding frå pårørande

Politiet gir vidare fleire detaljar om korleis naudetatane vart varsla om dobbeltdrapet.

I utgangspunktet mistenkte dei ikkje nokon kriminell handling då dei rykka ut på ettermiddagen, torsdag 27. juni.

  • Klokka 17.10 blir politiet varsla av ambulansesentralen AMK. Dei har fått uromelding om drapssikta og ynskjer at politiet blir med ut på oppdraget. Det er dei pårørande som har varsla AMK, etter ikkje å ha fått kontakt med 40-åringen.
  • Klokka 17.49 melder ambulansen at dei er i kontakt med den sikta.
  • Klokka 18.05 melder politipatruljen at dei er på ein drapsåstad. Ekteparet vart funne i garasjen.

Politiet etterforskar no den sikta sine bevegelsar frå natt til torsdag og fram til naudetatane kom til staden seint på ettermiddag. Førebels er det gjort to avhøyr av mannen og politiet planlegg fleire.

Forsvarar Fredrik Verling seier til NRK at den sikta førebels ikkje har tatt stilling til spørsmålet om straffskuld.

- Han har gitt si forklaring til politiet om det som har skjedd. Det seier seg sjølv at han har det vanskelig no, seier Verling.

Vurderer helsetilstanden

Sakkunnige skal vurdera om 40-åringen er strafferettsleg tilrekneleg. NRK veit at han seinast få daga før dobbeltdrapet var i kontakt med helsevesenet.

Med det som bakteppe, har Helsetilsynet bestemt seg for å opne tilsynssak mot Helse Bergen. Helsetilsynet har no bede om ytterlegare informasjon i saka.

«Vi ønsker ikke å kommentere denne saken mens tilsynet pågår», skriv viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Clara Gjesdal, i ein e-post til NRK.

Mannen vart varetektsfengsla i fire veker førre helg, men blir teken hand om av helsepersonell på Psykiatrisk klinikk på Sandviken sjukehus.