Høgre, Frp, MDG, Sp og Raudt gir ikkje opp å leggja Bybanen utanom Bryggen. Måndag, to dagar før saka skal avgjerast i bystyret, la dei fram skisser til eit massivt tunnelsystem under Bergen sentrum.
- Les meir:
Tunnelane og dei underjordiske stoppa vil ifølgje utgreiingane gjera utbygginga mange gonger dyrare, og framlegget har også færre stopp i Bergen sentrum enn Bryggen-alternativet – tre mot fem.
– Vi trur jo du vil kunne få ein raskare bybane, og at du med eitt sentralt stopp faktisk kan betene sentrum på ein veldig god måte, seier Martin Smith-Sivertsen (H), og viser til ideen om eit stort underjordisk stopp nær rådhuset.
Ti tusen færre innanfor gangavstand
Kommunen sine eigne utrekningar i bybaneutgreiinga syner imidlertid at bybanen med byrådspartia sitt framlegg vil nå langt fleire arbeidsplassar og heimar, spesielt arbeidsplassar, enn med opposisjonen sitt.
600 meter reknast som «akseptabel gangavstand» i utgreiingane.
Med dei fem «Bryggen-bane-stoppa» er 39.300 busette og tilsette innanfor dette. Opposisjonen når 10.100 færre med sitt tre stopps-framlegg:
I bybaneutgreiinga har tunnelalternativet ytterlegare eit stopp, i Vetrlidsallmenningen. Det dekkar 5.000 reisande, og nokre av desse vil truleg velja å bruka rådhus-stoppet.
Samstundes skriv dei fem opposisjonspartia at dei vil leggja Sandviken-stoppet nord for Krohnengen noko som svekkjer arbeidsplass- og bustaddekninga.
– Bybanen blir mindre tilgjengeleg
Fagfolk peikar dessutan på at underjordiske stopp er mindre attraktive for dei reisande. Trass i informasjonen frå fagavdelinga, meiner Smith-Sivertsen likevel ikkje at sentrum blir dekka for dårleg.
– Nei, viss du har eit stopp mellom Sandviken og sentrum, eitt stort sentrumsstopp og eitt ved Bystasjonen og jernbanen, så meiner eg sentrum er ganske godt dekka, seier Høgre-gruppeleiaren.
Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap), som er ansvarleg for å gjennomføra bystyrevedtaket som blir fatta onsdag, meiner få sentrale stopp er det største ankepunktet mot opposisjonen sitt nye tunnelframlegg.
– Bybanen blir mindre tilgjengeleg. Det å få betent sentrum på ein god måte, og å få knytt Bybanen saman med buss, er eit argument som taler for den opne løysinga, seier ho, og legg til at fleire stopp også er ein strategi for å skapa liv i sentrum.
– Brukbar dekning og auka hastigheit
Opposisjonen er opptekne av at Bybanen skal gå raskare.
– Ein får ein brukbar dekning, samstundes som ein vil auka hastigheita kraftig, seier Ove Sverre Bjørdal (Sp) om deira framlegg.
– Du vil ha nesten den same byutviklingseffekten, du vil ha nesten like god dekning i form av stopp, men viss du gjer det med tunnel inn mot sentrum, vil du samstundes få ein raskare bane, seier Smith-Sivertsen.
- Les også: