– Eg går alltid i land. Det er jo derfor vi reiser på cruise, for å sjå andre stader, seier amerikanaren Ken Hudge, ein av mange cruiseturistar som kom i land i Bergen fredag føremiddag.
Han og kona skal spasera gjennom byen og ta Fløibanen.
Det har vore mange mytar om cruiseturistane. No har hamnevesenet i Bergen tatt grep. Denne sommaren har dei talt kor mange av turistane som har kome i land frå cruiseskip. Ei lite kamera har fanga opp og talt kvar og ein, både inn og ut frå skipet.
– Vi ønskjer å få meir fakta om korleis cruisepassasjerane bevegar seg, seier marknadssjef Nils Møllerup i Bergen Havn.
Dette er hovudresultata frå teljinga:
- På finværsdagar går nærmare 80 prosent i land
- Sjølv når været er grått går 65 prosent i land
- På årets travlaste dag var det ca. 6000 passasjerar i byen samtidig, noko som er langt under maksgrensa som bystyret har bestemt
Amerikanaren Ken Hugde var ein av cruiseturistane som kom i land i Bergen fredag.
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK– Mykje synsing
– Vi meiner det er viktig å få tal på dette. Det har vore mykje synsing omkring cruisebesøk i Bergen. Alt ifrå at det er hordar av cruiseturistar i byen samtidig, til at dei ikkje legg igjen pengar i byen, seier Møllerup.
Målingane har gått føre seg heile sommaren. Bergen Havn presiserer at tala kan vera litt usikre, blant anna fordi passasjerar kan ta ulike utgangar. Dessutan er brukt ny og enklare teknologi. Neste år håpar dei å ha endå sikrare tal.
Kvart enkelt skip som kjem til norske hamnar har kontroll på kven som går i land. Men det finst ikkje ei samla oversikt over dette.
MANGE GÅR I LAND: Opp mot 80 prosent av passasjerane på cruiseskip i Bergen går i land, viser ei ny teljing som Bergen Havn har gjort i sommar.
Foto: Astrid Tomassen / Bergen HavnEi spørjeundersøking som Epinion gjorde for Innovasjon Noreg i 2019 viste at størstedelen av passasjerane går i land. Dette samsvarer med teljinga i Bergen.
I undersøkinga blei cruiseturistar spurt om dei var i land i alle dei norske hamnene skipet besøkte. Berre 15 prosent svarte nei.
Mange av dei som svarte nei, sa at grunnen var dårleg vær, for kort tid i hamna eller at dei ikkje var heilt i form.
Hamnevesenet gjer ikkje nøyaktige teljingar i Flåm, men har inntrykk av at ein svært stor del av cruiseturistane går i land.
Foto: Sondre Dalaker / NRKSame inntrykket i Flåm
Bergen Havn opplyser at dei berre kjenner til ei anna hamn i Noreg som gjer liknande teljingar, og det er Ålesund.
NRK har vore i kontakt med hamnevesenet både i Aurland, Geiranger og Oslo. Ingen av dei har tilsvarande teljing som i Bergen. Likevel har fleire av hamnene eit godt inntrykk av situasjonen.
Hamnevesenet i Aurland opplyser at dei følgjer med når folk går i land i Flåm, og at dei har god kontakt med næringsdrivande lokalt og turoperatørane. Dei kjenner seg godt igjen i undersøkinga frå 2019.
– Dette speglar vår oppfatning. Flåm er gjerne ei av hamnene på seglingsplanen som har flest besøkande på land. Dette fordi vi er ein av dei mest anerkjente hamnene på seglingsplanen og ein «reason to go», seier driftssjef Jon Olav Stedje i Aurland Hamnevesen.
Bryggen er eit mål for mange turistar. Nye tal viser at ein stor del av cruiseturistane tar turen på land i Bergen.
Foto: Brian WitteHamnevesenet i Geiranger ser ikkje vekk ifrå at dei kan bli aktuelt å setja i gang liknande teljing som i Bergen.
– Dette er interessante og nødvendige tal og faktaopplysningar. Vi er i ferd med å opprette eit nytt cruisenettverk. Dette kan vere ei av arbeidsoppgåvene, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.
Med så mange turistar ute i gatene, er det alltid nokon som ikkje kjem seg tilbake til båten i tide, bekreftar Bergen Havn.
– Det skjer dessverre. Båten går uansett, med bagasjen om bord. Så det er ei utfordring for dei det gjeld, men det er ikkje mange, seier marknadssjef Nils Møllerup i Bergen Havn.