Hopp til innhold

Nytt system for havbruksnæringa forsinka

Utvalet som går gjennom løyvesystemet i havbruksnæringa skulle levere utgreiinga si i form av ein NOU i mars, men får no ny frist ut september 2023. – Når utvalet no ber om meir tid til jobben med å sjå på korleis løyvesystemet for havbruksnæringa bør innrettast for framtida, så lyttar eg til det, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.