Hopp til innhold

– Berre flaks at ikkje folk har vorte trefte

Måndag gjekk eit ras på fylkesveg 92 mellom Arnafjord og Vik. Innbyggarane meiner vegen er farleg, men dei må framleis vente på at vegen skal bli rassikra.

Ras i Arnafjord

STORE STEINAR: Desse store steinane raste ned i vegen mellom Arnafjord og Vik måndag ettermiddag. Hans-Tore Halset kom til staden berre minutt etter at steinane raste ut.

Foto: Hans-Tore Halset

– Eg hadde med meg femåringen i bilen og ein unge var heime. Då blir ein i villreie, for kva skulle eg gjere om eg ikkje kom meg heim igjen? Kva gjer ein då?

Det seier Pia Hagen som bur i Arnafjord i Vik. I går køyrde ho til Vik med dotter si som skulle på handballtrening. Rett etter at ho var kome fram, fekk ho telefon frå ektemannen heime i Arnafjord.

Han fortalde at eit ras hadde gått på vegen ho nettopp hadde køyrt på. Raset gjekk like etter at ho køyrde forbi.

Det synst ho er ekkelt å tenke på.

– Eg prøver jo å ikkje tenke på det, for eg jobbar i Vik og må jo køyre den vegen kvar dag, seier Hagen.

Når det går ras på vegen, vert vegen stengt. Det gjer at det blir vanskeleg å kome seg heim igjen til Arnafjord. Når ein har verdifull last med seg i bilen, vert det ekstra ille.

– Det er klart at det er skremmande, og spesielt når ein har ungar med seg i bilen. Og eldstedottera mi tek bussen kvar dag på den same vegen, fortel Hagen som meiner heile vegstrekninga er rasfarleg.

– Det går mykje på flaks

Det er ho ikkje aleine om å meine. Hans-Tore Halset var førstemann som kom køyrande til rasområdet. Han og ein kollega køyrde same strekninga inn til Vik etter at dei var ferdige på jobb. Kollegaen køyrde tre-fire minutt framfor Halset og merkte ingenting til raset.

Hans-Tore Halset

BERRE FLAKS: Halset meiner det er berre flaks at folk ikkje har vorte trefte av store steinar på den rasutsette vegstrekninga.

Foto: Privat

– Når eg skulle inn mot Vik, så kom eg ikkje forbi, for da hadde raset gått og stein låg i vegen. Så da hadde raset gått i mellomtida i dei tre-fire minutta frå han drog og til eg kom, seier Halset.

Korleis er det å kome så nært eit ras?

– Nei, ein vert jo litt betenkt, veit du, men vi veit jo også at det er ein rasutsett veg. Ein sit nok og tenker på det der og då, men så blir det gløymt igjen. Det er ekkelt å tenke på, men eg har teke det ganske bra, seier Halset.

Han fortel at ras og steinsprang er eit stort problem på strekninga, noko som fører til at det blir ein del snakk om det i bygda.

– Det går mykje på flaks at ikkje folk har vorte trefte på den vegen. Ein sit jo alltid med eit blikk for å sjå om ein ser noko, om ein ser ting i lufta eller andre unormale ting, seier Halset og fortsett:

– Kvar dag me køyrer her er det ein ny stein i vegbana som ikkje var der dagen før. Og steinen kan jo vere så stor at han kan skade både bil og folk viss han treffer dei. Men som regel skyv folk berre steinen ut av vegen og så køyrer dei vidare, og så er det ikkje meir snakk om det.

Halset håpar, på lik linje med Hagen, at noko snart skal skje for at vegen blir rassikra.

Spørsmålet er kanskje kor lenge dei må vente.

Inga utvikling – foreløpig

NRK skreiv i vinter at det frå politisk hald blir jobba for å få rassikra den aktuelle vegen. Det har mellom anna vore snakk om å lage ein sidetunnel inn på den planlagde Vikafjellstunnelen.

I februar gjekk eit særleg stort ras i bygda, noko som gjorde at ordførar i Vik kommune, Marta Finden Halset, gav si støtte til ei slik løysing.

Men foreløpig må folk på veg til og frå Arnafjord smørje seg med tolmod. Rassikring av den aktuelle strekninga ligg for tida på 7. plass på fylkeskommunen si prioriteringsliste over rassikringstiltak.

Det er altså inga utvikling sidan februar i år.

Ein alvorstynga Arnstein Menes som settefylkesordførar

GJER PRIORITERINGAR: Leiar av samferdsleutvalet i fylkeskommunen, Arnstein Menes (Sp), seier at fylkeskommunen stadig gjer prioriteringar for rassikring av vegar i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Leiar i samferdsleutvalet i fylkeskommunen, Arnstein Menes (Sp), forklarar at fylkeskommunen gjer prioriteringar basert på ein modell utvikla av Statens vegvesen.

– Vi får relativt bra med midlar til rassikring av vegar i Sogn og Fjordane, og så er det ein prioriteringsmodell der rasfrekvens, stengt trafikk og trafikkmengd speler inn, seier Menes.

Det er denne modellen som gjer at den aktuelle strekninga framleis held seg på 7. plass.

Har tru på at vegen skal bli sikra, men ...

I februar uttalte Menes til NRK at han raskt ville setje saka på politisk dagsorden. Likevel er det eit stykke igjen til at vegen mellom Arnafjord og Vik kan reknast som rassikker.

– Det som er spesielt på denne strekninga er jo at vi ønsker eit tunnelanslag som slår inn i Vikafjellstunnelen. Og så er det framleis sånn at vi ventar på at den endelege løyvinga til Vikafjellstunnelen skal kome i Nasjonal Transportplan. No låg det ingen slike signal i statsbudsjettet som vart lagt fram i haust, men vi følgjer heile tida med, seier Menes.

Han har full forståing for at folk i bygda synst det er skummelt å køyre på ein rasfarleg veg.

– Det har eg veldig respekt for. Eg kjenner godt til vegar med rasfare sjølv. Eg veit kor krevjande det er, spesielt for dei som har små ungar som skal sendast på skulebussen. Dette tek vi på alvor, seier Menes.

Trur du det kjem ein dag da innbyggarane i Arnafjord slepp å vere redde for ras og stein i vegbana?

– Eg har absolutt tru på at vegen skal bli sikra. Kva tid det skjer, er framleis usikkert, men vi har godt håp om at dette skal bli gjort, seier Menes.