Hopp til innhold

Nytt ras i Nærøydalen

Litt over klokka onsdag 14 gjekk det eit nytt ras som nådde E16 i Nærøydalen mellom Gudvangen og Stalheimskleiva.

Sørpeskred i Nærøydalen

Arkivfoto frå sist det rasa i Nærøydalen.

Foto: Mesta

Det har kome litt rasmasse ut i vegbana, men vegen er ikkje stengd, opplyser vaktsentralen til Statens Vegvesen.

Fleire ras

Det har gått fleire ras i fjellsida i vår, og denne gongen er det truleg det kraftige regnveret som har fått det til å losne meir stein i rasfaret.