Hopp til innhold

Fylkesveg 53 er opna att, men berre i nokre timar

Knappe to veker etter at vegen opna etter førre ras, så rasa det på nytt ved Finnsåstunnelen. Laurdag føremiddag opna vegen att, men frå i ettermiddag av vert det stengt på ny.

Finnsåstunnelen

INGEN TATT AV RASET: Politiet melder om at ingen er tatt av raset.

Foto: SKJERMDUMP

– Geologen har sett på fjellsida no og vegen er opna att. Men frå klokka 17 i ettermiddag vert det stengt fram til måndag morgon, seier Kjetil Molvær, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, laurdag morgon.

Laurdag føremiddag kom geologen til rasstaden og sjekka fjellsida. Konklusjonen er at det vert opna att, men meldingane om kraftig nedbør og vind gjer at vegen vert stengt att frå klokka 17 i ettermiddag og fram til måndag.

Same plass som sist

Det var fredag kveld det tok til å rase like ved tunnelmunningen til Finnsåstunnelen mot Fodnes. Raset var på mellom 20 og 30 steinar.

– Det har rasa fleire steinar i løpet til der det rasa sist, sa Molvær i går kveld.

Det var tidleg i januar det rasa sist. Då sperra eit 70 meter breitt steinras vegen over lang tid, og det tok det ti døgn før ein kunne opne vegen att.

Etter kort tid kunne politiet sleppe forbi bilar som stod i kø, før vegen blei stengt på nytt.

– Vi vil ikkje ha folk forbi rasområdet, seier Molvær.

Ingen blei tatt av raset, men ein bil køyrde forbi like etter at det rasa.

– Ein personbil køyrde rett på steinane og punkterte som følge av det, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Bergen, Frode Kolltveit.

Vidare skriv politiet på Twitter at bilistar sjølv rydda vegen for steinar.

– Det er snakk om eit lite ras med steinar som er på størrelse med ein ball. Vegen er no rydda, seier Kolltveit.

Fylkesveg 53 er hovudvegen for alle dei rundt 5000 innbyggjarane i Årdal kommune. Einaste omkøyringsveg er fjellvegen til Tyin og E16 Filefjell dersom dei skal ut av kommunen.

Raset i Årdal

STORT: Tidlegare i januar gjekk det eit mykje større steinras den same plassen som gjorde at vegen vart stengt i ti døgn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Laster Twitter-innhold