Hopp til innhold

Nytt ombod skaper reaksjonar

Tidlegare Helse Førde-topp Anne Margrethe Øvsthus blir nytt pasientombod i Sogn og Fjordane. Tilsetjinga blir møtt med skepsis hos sjukehusaksjonist.

Anne Margrethe Øvsthus

EKS-DIREKTØR: Anne Margrethe Øvsthus er tidlegare klinikkdirektør i Helse Førde.

Foto: NRK

Bente Øien Hauge

KRITISK: Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus stiller spørsmål ved om Øvsthus vil vere ei reell vaktbikkje også for sentralsjukehuset.

Foto: Privat

– Eg gler meg veldig. Fokuset no er å hjelpe dei som har behov for hjelp i helsevesenet både i høve til hjelpetid, opplevingar ein har og i høve til lov å pasientrettigheiter. Det er det eg skal ha fokus på, seier Øvsthus til NRK.

Men tilsetjinga vekkjer ikkje like stor begeistring hos leiaren i sjukehusaksjonen Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge.

Har forsvart Bolstad

Inntil for eitt år sidan var Anne Margrethe Øvsthus klinikkdirektør i Helse Førde. Ho har etter ho slutta også skrive lesarinlegg i avisene med støtte til Helse Førde-direktør Jon Bolstad, då det storma som verst rund han og hans leiarstil. Hauge stiller spørsmål ved kor uavhengig det nytilsette pasientombodet er.

– Eg synest det blir veldig underleg. Eg trur det blir veldig vanskeleg for folk å gå til ein person som har så sterke bindingar til sentralsjukehuset gjennom ei leiarrolle, og så skulle sjå på henne som eit ombod, seier Hauge.

– Eg har ingen bindingar

Sjølv meiner Øvsthus det ikkje kjem til å bli noko problem når ho no skal kikke sin tidlegare arbeidsgjevar og kollegaer i korta.

– Eg held meg til dei stillingane eg har i den aktuelle situasjonen eg er oppe i. Eg har ingen bindingar til tidlegare arbeidsgjevarar. Eg trur ikkje det skal bli noko problem, seier Øvsthus.

Tvilar ikkje på kvalifikasjonane, men...

Bente Øien Hauge er likevel skeptisk.

– Det er ikkje kvalifikasjonane og erfaringen som er problemet. Problemet er om ein kan sjå på henne som eit uavhengig ombod når ho har tre tiårs tilknyting til sentralsjukehuset og nesten ein tredel av dette som direktør, seier sjukehusaksjonisten.

Stillinga som pasientombod er eit årsvikariat for noverande ombod Ove Mjåtveit.