Sjølv det nye nettet vil bruke leigde linjer frå teleoperatørar som i dag ikkje har meir enn nokre timar med reservestraum.
– Vi har noko overraskande oppdaga at ein del av linjene vi leiger har liten reservestraum, vedgår direktør Tor Helge Lyngstøl i Direktoratet for nødkommunikasjon.
Nytt nett for seks milliardar
Under storbrannen i Lærdal i Lærdal natt til søndag, . NRK har fått tilgang til 110-sentralen sin logg. Her kjem det tydeleg fram at naudetatane hadde «store sambandsproblem».
- LES OGSÅ:
– Samband nede. Klarer ikkje å kople det opp igjen. Sannsynlegvis ute pga. brannen, vart det loggført klokka 02.34.
NRK kjenner til at dei måtte bruke chatteprogrammet Lync for å kommunisere internt og med Førde sentralsjukehus.
Uroa Sp-politikar
Sambandet svikta også ved brannen i Gudvangatunnelen svikta sambandet.
Då orkanen Dagmar herja, sette straummangel naudnettet ut av spel fleire stadar. Det nye nettet skal vere mykje meir robust, med mellom anna betre reservestraumkapasitet.
- LES OGSÅ:
Stortinget har bestemt at det skal brukast nær seks milliardar kroner på å byggje opp eit nytt kommunikasjonssystem for naudetatane.
– Det nye naudnettet er ikkje så nytt som eg, og mange andre, har trudd. Det som er viktig no framover, er å få klargjort kor trygt og sikkert det nye naudnettet vil bli i eit fylke som Sogn og Fjordane, seier ein uroa Sp-politikar Steinar Ness.
Dyrt å byggje nytt
Lyngstøl seier det er alt for kostbart å byggje nye linjer over alt. Difor er kjerneinfrastrukturen i naudnettet basert på leigde linjer frå teleoperatørar.
– Der vi ser at det er mogleg å byggje eigne linjer, gjer vi det. Så går vi også inn og ser på reservestraumen knytt til dei linjer vi leiger og ser kva tiltak som eventuelt kan setjast inn for å gjere desse linjene meir robuste, seier han og avsluttar:
– Eg vil understreke at det at vi no byggjer alle våre basestasjonar med linjeframføring frå to ulike kantar er heilt avgjerande for at nettet skal ha god overlevingsevne.
Røde kors opna samband
Då sambandet til brannvesenet gjekk ned i helga, opna Røde Kors radiosamband frå Flora til Lærdal. I tillegg vart sambandsutstyret til Røde Kors utlevert til brannvesenet i Lærdal.
VHF-systemet til Røde Kors er bygt ut slik at det skal vere totalt uavhengig av anna infrastruktur enn at radiomastene på høgfjella står.