Hopp til innhold

Nytt millionprosjekt for Hjelle

Tall ships-general Helge Hjelle ønskjer millionar til nytt prosjekt av fylkeskommunen.

Helge Hjelle

KLAR FOR NYTT PROSJEKT: Helge Hjelle er klar med eit nytt prosjekt etter Tall Ships Races. Denne gongen har han fatta interesse for gamal krigshistorie saman med fleire andre i Vågsøy.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stiftelsen " Måløyraidsenteret" ber no fylkeskommunen om nærare fem millionar kroner til drifta av det senteret som er planlagt midt i Måløy sentrum, skriv avisa firda.no .

900 kvadratmeter

Måløy i brann etter Måløyraidet

ØYDELAGD: Måløy stod i brann etter raidet 3.juledag under 2.verdskrig.

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Senteret skal bli eit opplevingssenter og eit kunnskapssenter om krigshistorie og Måløyraidet som skal bli på heile 900 kvadratmeter.

Bak stiftinga står mellom anna Terje Sølvberg som historisk leiar og Helge Hjelle som teknisk leiar.

Vågsøy kommune har stilt eit bygg i sentrum til disposisjon for senteret. Det har dei også rusta opp for ein og ein halv million kroner med tanke på at senteret skal bli ein realitet.

- Vil gjere regionen spennande

Sissel Loen

LOVAR INGENTING: - Eg kan ikkje love noko som helst når det gjeld pengar til prosjektet. Det vert endeleg avgjort av fylkestinget i desember, seier Sissel Loen.

Foto: Finn Ove Njøsen/Høgre

Intiativtakarane meiner eit slikt senter vil gjere regionen langt meir spennande å bu i, og at det vil fungere som ein magnet for området si turistsatsing.

For å kunne realisere prosjektet "Måløyraidsenteret", treng stiftinga fleire millionar kroner. Det vil dei at fylkeskommunen og forsvaret om å betale.

Men kulturpolitikarane i fylket er ikkje like overbeviste om dette.

Ber om reduksjon i utgiftene

Tall Ships Races-høyringa i Vågsøy kommunestyre

OPPVAKSMØTE: Slik såg det ut då det var oppvaskmøte etter Tall Ships Races i Måløy.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dei ber om at kostandane i prosjektet vert reduserte og dei stiller også spørsmål om realismen i heile senteret.

- Vi har ikkje så mykje pengar å prioritere, seier leiar for hovudutval for kultur, Sissel Loen.

Ho fortel at saka uansett ikkje vil bli avklart før i desember, etter at fylkestinget har vedteke finansplanen.

Ventar på møte med forsvaret

Minnesmerke over Måløyraidet

MINNESMERKE: Det er allereie sett opp minnesmerke over raidet i Måløy i 1941.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Saka skal jo følgje budsjettprosessen i fylkeskommunen, og eg kan ikkje seie noko no om kva som vert utfallet. Men eg vil seie at det er eit interessant prosjekt.

No ventar utvalet på at stiftinga skal kome med tilbakemelding etter møte med forsvarsdepartementet som også er bedne om å skyte inn pengar.

Loen meiner eit slikt senter som Måløyraidsenteret kan bli, vil vere bra for området og kunne fungere godt for til dømes skuleklassar. Ho tek ikkje stilling til kven som står bak prosjektet.

Vil ikkje kommentere Hjelle

Fly frå dei allierte styrkane vart nytta under Måløyraidet 3. juledag 1941

I KRIG: Fly frå dei allierte styrkane vart nytta under Måløyraidet 3. juledag 1941.

- Eg har halde meg mest til Terje Sølvberg i denne saka, og eg vil ikkje uttale meg i forhold til Helge Hjelle sitt engasjement, seier ho.

Tall Ships Races gjekk som kjendt med store underskot, og det vart oppvaskmøte i kommunen som varte i fleire timar etter at festen var over i 2007.

-Det er styringsgruppa sitt ansvar å halde orden i økonomien i Måløyraidprosjektet. Det er ikkje vårt ansvar, seier Loen.

I eit brev til fylkeskommunen skriv Sølvberg at det har teke heile ti år å samle informasjon om krigshistoria som skal bli presentert i senteret.