Hopp til innhold

Regjeringa vil verna offer som «Thea» ved å gi politiet meir makt

Medan forfølgde «Thea» er ein av 240 personar i Vest politidistrikt med valdsalarm, er det berre éin person som har fotlenke. – Me treng ei kulturendring, seier justisministeren.

Forfulgt kvinne i Bjørnafjorden

MÅTTE FLYTTE: Det tilfeldige møtet i ein park for to år sidan blei til eit mareritt for Thea.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Bruken av omvendt valdsalarm blir svært sjeldan nytta i norske domstolar. I praksis er det ei fotlenke med elektronisk kontroll av kontaktforbod.

Sidan lova opna for å ilegga kontaktforbod med elektronisk kontroll i 2013, har det berre falle 34 rettskraftige dommar i norske domstolar.

Altså; frå lova trådde i kraft, har i snitt to personar per år blitt dømt til å gå med omvendt valdsalarm.

– Det er alt for låge tal. Me merkar at det no skjer ei endring, kor talet på saker har auka kraftig, men utgangspunktet er veldig lågt, seier justisminister Monica Mæland.

Justisminister Monica Mæland (H)

– TRENG EI KULTURENDRING: Justisminister Monica Mæland (H) seier at ansvaret for tryggleiken til offeret må leggast på gjerningspersonen og ikkje offeret sjølv.

Foto: Berit Roald / NTB

– Me treng ei kulturendring i politikken

NRK fortalde denne veka om Thea, som i to år blei forfølgt av ein ukjend mann utan at politiet makta å gripa inn.

Thea er i dag éin av 240 personar som har valdsalarm i Vest politidistrikt.

På same tid er det berre éin enkelt gjerningsperson som går med elektronisk fotlenke, såkalla omvendt valdsalarm.

Tala kjem frå justisministeren, som torsdag var i møte med politiet i Bergen.

– Det må me gjera noko med. Me treng ei kulturendring i politikken, i påtalestyresmaktene og i domstolen for at det skal vera heilt sjølvsagt å legga ansvaret for tryggleiken til offeret på gjerningspersonen, heller enn offeret sjølv, slår statsråden fast.

Saka om Thea har ført til sterke reaksjonar på Stortinget, som etterlyser ein gjennomgang av lovverket.

Både Arbeidarpartiet og Frp etterlyser langt hyppigare bruk av omvendt valdsalarm i rettsapparatet, som i tilfellet til aleinemora frå Bjørnafjorden.

– Då hadde politiet måtte rykka ut kvar gong gjerningspersonen nærma seg stader kor Thea eller hennar barn oppheld seg, seier partileiar Sylvi Listhaug, som kallar det tragisk at systemet ikkje gir kvinna tryggleik i kvardagen.

Nytt lovforslag på trappene

Vest politidistrikt kunne ha nytta valdsalarm i saka Thea. Men sidan Statsadvokaten valde å ikkje ta ut tiltale, avgrensa det politiet sine sjansar til å nytta tvangsmiddel.

No vil regjeringa gje politiet større makt. I dag er det domstolen som dømmer gjerningspersonar til omvendt valdsalarm, medan politiet kan skriva ut valdsalarm.

Får regjeringa det som dei vil, kan personar som er sikta for vald eller trakassering bli pålagde å gå med omvendt valdsalarm.

Sjølv om dei ikkje har fått ein dom i ein domstol.

– Det vil senka terskelen, slik at på same måte som politiet i dag kan skriva ut ein valdsalarm til eit offer, skal politiet også få moglegheita til å pålegga ein person ein omvendt valdsalarm, seier Mæland.

Forslaget er under utarbeiding i Justisdepartementet og blir etter planen sendt ut på høyring tidleg i haust.

– I mellomtida jobbar alle politidistrikta med å få opp bruken av omvendt valdsalarm. Eg trur dei fleste forstår at det å ansvarleggjera gjerningspersonen er ein mykje meir treffsikker måte å gjera dette på, seier Mæland.

Forfulgt kvinne i Bjørnafjorden

FORBOD: Mannen fekk ikkje lov å oppsøka Thea, men braut stadig vekk forbodet. Politiet kunne ikkje gjera anna enn å henta mannen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Braut besøksforbodet ti gongar

Heile ti gongar har mannen som forfølgde Thea brote besøksforbodet mot han.

Det meiner Mæland tyder på at regelverket må strammast inn.

– Me høyrer om alle sakene der gjerningspersonen bryt besøksforbod utan at samfunnet får gjort så mykje med det. Det må me få gjort noko med.

Ifølge forsking gjort ved OsloMet tok det seks år før politidistrikta i særleg grad byrja å ta i bruk ordninga med omvendt valdsalarm.

Både domstolen og påtalemakta har lagt til ein grunn ein langt høgare terskel for bruk, enn det lovverket var tiltenkt.

Difor har ikkje omvendt valdsalarm hatt særleg betydning som tryggingstiltak, slår rapporten frå 2020 fast.