Hopp til innhold

Nytt kokevarsel på Askøy

I dag er det på ny sendt ut kokevarsel på Askøy. Det er funne E.coli-bakterier i drikkevassprøver tatt frå 125-bassenget som ligg på Øvre Kleppe. 5 450 personer er berørte av varselet. Det er ikkje meldt om sjukdom i samband med desse funna. Tidlegare i sommar vart 2000 askøyværingar sjuke av drikkevatn frå Øvre Kleppe. 70 var innlagde på sjukehus.