Hopp til innhold

Nytt håp for vegen som kan kutta reisetid mellom Oslo og Bergen med tre timar

Regjeringa vil ikkje gjera det, men no tvinger stortingsfleirtalet gjennom ei utgreiing av ny arm til Bergen frå E134.

Låtefoss

VAKKERT, MEN SMALT: Strekninga forbi Låtefoss på riksveg 13 til Odda er ein av dei mange smale og svingete på vegen mellom Haukeli og Bergen.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dette har lenge vore eit sterkt ønske frå oss i vest, sidan vi då vil bli kopla på den sørlege stamvegen mellom aust og vest, seier stortingsrepresentant Eigil Knutsen i Arbeidarpartiet.

I dag fremma Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet forslag i Stortinget om ei konseptvalutgreiing (KVU) for ein «arm» som koplar Bergen saman med E134 over Haukeli.

HORDALANDSDIAGONALEN: Eit forslag er at armen frå Bergen til E134 skal gå gjennom Odda, den såkalla Hordalandsdiagonalen.

I aust-vest-utgreiinga i 2015 tilrådde Vegvesenet E134 over Haukeli og fv. 52 over Hemsedal som hovudvegar mellom Aust- og Vestlandet.

Dei tilrådde òg å greie ut ein såkalla arm til Bergen frå E134, der det kom fram at nettonytta av «armen» til Bergen var på 26 milliardar kroner.

Men regjeringa bestilte ikkje konseptvalutgreiing. Noko som dei tre opposisjonspartia har reagert på.

Fleirtal på Stortinget

No har dei fleirtal på Stortinget for at Vegvesenet skal få greia ut armen.

– Utgreiinga understreka at E134 hadde klart høgast samfunnsøkonomisk nytteverdi av dei ulike vegsambanda aust-vest, og at ein framtidig arm til Bergen vil utgjera ein vesentleg del av dette, seier Knutsen.

– Vegvesenet argumenterte i 2015 for dette, men Høgre har sett foten ned, legg han til.

Eigil Knutsen

Stortingsrepresentant Eigil Knutsen i Arbeidarpartiet er glad for at det no er fleirtal for utgreiing av arm til Bergen frå E134.

Foto: Arbeiderpartiet

Framstegspartiet meiner det no hastar med ei utgreiing av armen til Bergen.

– Dette vil knytta Vestlandet tettare til marknadane som eksportbedriftene våre skal nå. For Frp er E134 ein viktig veg som vi vil løfta fram, seier Helge André Njåstad.

UIike alternativ

Det har vore ulike forslag for armen til Bergen. Eit forslag er gjennom Odda og vidare mot Bergen, via Fusa, den såkalla Hordalandsdiagonalen.

Eit anna alternativ er den såkalla Sunnhordlandsdiagonalen gjennom Kvinnherad og Tysnes til Bergen. Begge diagonal-alternativa er relevante i høve til diskusjonen om trasé for ferjefri E39 Bergen-Haugesund-Stavanger.

Regjeringa har avgjort at Vegvesenet skal gå vidare med «midtre trasé», altså frå Stord via Tysnes og med bru over Bjørnafjorden til Os. Dette alternativet kallast Hordfast.

Tilhengarar av ein «indre trasé» frå Stord via Tysnes, rundt Bjørnafjorden og gjennom Fusa til Os meiner dette blir billigare og kan koplast til diagonalen Bergen-Fusa-Odda.

LES OGSÅ: 90 minutt kortare reise mellom Oslo og Bergen vil koste 29 milliardar

LES OGSÅ: Næringslivet krever E134-arm til Bergen