Hopp til innhold

Nytt funn av omkommen person langt nedanfor ulukkesstaden

I samband med søk etter dei sakna i Kvam er den andre av tre sakna personar funne død. Vedkommande vart funne død i Movatnet, langt nedanfor der politiet trudde alle tre var å finna.

Søk i Movatnet i Kvam.

FUNN I VATNET: Sundag vart den andre av dei tre sakna funnen død i Movatnet, fleire kilometer nedanfor ulukkesstaden øst i Tokagjelet.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Politiet held pressekonferanse i Norheimsund klokka 16 sundag.

Dagen før vart ein av dei tre sakna etter båtulukka i hytteområdet Kvamskogen funnen omkommen under den høgaste fossen øvst i Tokagjelet.

Søndag er no ein ny person funnen død i Movatnet, fleire kilometer lenger nede i vassdraget

Det er førebels ikkje offentleggjort kven av dei tre som er funne. Éin person er framleis ikkje funnen.

– Personen vart funne i Movatnet i Norheimsund midt på dagen søndag, opplyste Terje Sperrevik, politistasjonssjef i Kvam, Samnanger og Tysnes på pressekonferansen.

– Tankane våre går igjen til dei pårørande, seier han.

Den døde er send til Bergen for obduksjon.

Innsatsleiar Svein Valland Laupsa kan ikkje seia om den omkomne som vart funne i går no er obdusert eller identifisert.

Vurderer oppdemming

Laupsa seier politiet no mellom anna vurderer om det går an å stenga av vatnet oppe ved betongterskelen øverst i elva, for å gjera leitinga lettare.

– Det gjer at me kan gå i gang med fysiske søk i elva.

Minnestad ved ulukkesstaden på Kvamskogen.

MINNE: Pårørande heldt sundag ei privat minnestund ved staden der båten med tre personar og ein hund vart tatt av straumen for ei veke sidan.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Ordførar Torgeir Næss takkar i ei pressemelding profesjonelle og frivillige for at leitinga har ført fram, og for vidare innsats i søkearbeidet etter den siste sakna. Han ynskjer også at dei pårørande skal vita at eit heilt lokalsamfunn i Kvam har medkjensle med dei i denne tunge tida.

Held fram søkearbeidet

I kveld skal det haldast eit tverrfagleg møte for å vurdera konkrete tiltak som kan gjerast, spesielt i Tokagjelet, for å gjera nye søk.

– I tillegg vurderer me og å ta i bruk utstyr som kan skanna botnen i Movatnet. Me vurderer det også i Hardangerfjorden, seier Laupsa.

Framleis er politiet sin hovudhypotese at den siste sakna ligg i elva øvst i Tokagjelet, sjølv om ein person no er funnen nede i Movatnet.

I dagane som kjem skal søkearbeidet med drone i Tokagjelet halda fram. Politiet i Kvam har fått mange ulike innspel frå ulike kantar av landet.

– Me set stor pris på det og vil takka alle som har engasjert seg, seier Sperrevik.

– Noko har me tatt i bruk, og noko har me vurdert som ikkje hensiktsmessig, seier Laupsa.

I løpet av helga er det ikkje gjort andre funn enn av dei to omkomne personane.

Tatt av kraftig straum

Ulukka skjedde under eit kraftig uvêr førre sundag kveld, då den vesle båten dei sat i vart teken av sterk straum då dei skulle kryssa ein smal del ovanfor utløpet av Longvotnavatnet.

Dei tre som var på veg heim etter ein hyttetur, var Ruth Wathne (68), Nils Johan Bårdsen (72) og Kjell Arne Pedersen (64), i tillegg til hunden Leo.

Båten, årene og nokre klede som tilhøyrde dei sakna vart funne i elva dei to første dagane.

Måndag kveld melde politiet at den intensive, men vanskelege redningsaksjonen var endra til eit søk etter antatt omkomne personar.

GGo9v0JXJIg

BÅTEN: Ulukkesbåten vart dagen etter ulukka lokalisert nedanfor den 15 meter høge fossen oppe i Tokagjelet.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Død person funne laurdag

Etter fleire dagar med omfattande søk, vart noko som kunne sjå ut som ein person fanga opp under dronesøk over øvre del av elva gjennom det bratte og tronge Tokagjelet i Kvam herad.

Det har også heile tida vore gjort søk i heile vassdraget nedanfor ulukkesstaden. Også søndag ettermiddag pågår det søk i Movatnet og i fjorden ved Norheimsund.