Hopp til innhold

Nyopning for Moods i Stryn

STRYN (NRK): Borte er traktoren, bestemora og det nasjonalromantiske som har vore varemerket til Moods of Norway.

Moods i Stryn

TILBAKE TIL START: Moods opnar ny butikk i Stryn.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Etter konkursen i 2017 kjøpte eigarane tilbake konkursbuet og er klare for ny drift. Men med eit nytt konsept – og under namnet Moods.

– Vi skal bli best i Noreg på herreklede, seier dagleg leiar Gunn Heidi Lilleengen.

Den daglege leiaren har ambisjonane klare, men i motsetning til tidlegare vil dei ikkje satse på butikkar i utlandet denne gongen.

– På nett har vi døra open for alle, men butikkar har vi berre i Noreg, seier Lilleengen.

Draumen som brast

Etter at alle piler lenge berre hadde peika oppover for Moods of Norway enda eventyret brått i 2017.

– Vi gjekk tomme for pengar etter å ha vore uheldige med ein del valutadisponeringar og då sette banken foten ned, seier styreleiar Jan Egil Flo.

Jan Egil Flo

PÅ NY FRISK: Jan Egil Flo er styreleiar i Moods.

Foto: EIRIK JOHNSEN / NRK

Den gongen satsa dei stort med butikkar over heile landet, og opna også butikkar i USA. Men den amerikanske draumen kosta. Husleiga til butikken på Manhattan i New York åleine var på 16 millionar kroner i året.

– Vi gav gass, det gjorde vi. Men dei fleste etableringane kom i 2013, 2014 og 2015. Dei siste åra prøvde vi å roe ned, men eg angrar ikkje på noko av det vi gjorde, seier Flo.

Gjenopnar som Moods

HISTORIA: Den nye butikken har ein eigen minnevegg for gamle Moods of Norway.

Foto: EIRIK JOHNSEN

Nytt konsept

No er dei attende, men som berre Moods. Borte er traktoren og vaflane.

– Vi har sagt tidlegare at traktoren er parkert, så står att det å sjå om den er parkert for godt, seier Flo.

Borte er og dei rosa fargane og logobruken er meir nedtona. Dagleg leiar Gunn Heidi Lilleengen seier at sjølv om mykje er borte prøver dei å ta med seg nokre av verdiane frå det gamle selskapet.

– Vi skal framleis tørre å «gutse». Vi ynskjer å inspirere folk og skape gode stemningar.

– Korleis ser framtida til Moods ut?

– Det er spanande. Vi veit jo ikkje heilt, men vi har i alle fall valt å gå «all in» for det nye konseptet og vere tydlege på det. Og så skal ikkje vi tenke meir enn eitt og to år fram akkurat no, seier Lilleengen.